God og småskala Champagne

Dei store spelarane i Champagne er husa, og av dei så er det 24 såkalla Les Grandes Marques. Desse står for ein stor del av eksporten, i tillegg til nokre større kooperativ. Men småprodusentane som lagar vin frå eigne druer har kasta om på dynamikken i Champagne. Mange av desse flinke og sterke stemmene har vore viktige i utviklinga av vin frå Champagne, der lokale forskjellar vert forsterka heller enn viska ut.

Desse småprodusentane, eller growers, har betydeleg mindre produksjon. Ein skulle kanskje tru at prisen på slik vin skulle vere mykje høgre enn for Les Grandes Marques, men slik er det slett ikkje. Av dei 24 husa er det per mars 2023, 20 av dei som er tilgjengeleg på polet med sin hovudvin, brut sans année (BSA). Gjennomsnittsprisen på dei er 591 kr. Medianprisen er 499 kr. Det er særleg Krug som dreg opp prisen. Salon er ikkje tilgjengeleg på polet for tida, men med den ville gjennomsnittsprisen vore endå høgre.

Eg har prøvd ein del Champagne frå hovudsakleg recoltant manipultants (RM) som kostar mindre enn 500 kr. Mange av desse mindre produsentane har fleire dyrare vinar, akkurat som dei større husa. Men porteføljen kan gjerne vere mindre standardisert, og nokre har berre ein eller to-tre vinar. Andre har eit fokus på å vise fram ulike druesortar, terroir eller kommunar, heller enn å lage vintage, rosé og cuvée prestige.

Dette er med på å skape litt dynamikk i eit elles noko tradisjonelt område. Det verkar òg som om fleire av desse er meir oppteken av vinen, og ikkje merkevara, luksusen og festivitasen som Champagne ber med seg.

Og så er det fleire eg kunne hatt med her, men nokre var utseld. Gode småprodusentar eg har prøvd før er til dømes Pierre Peters, Pierre Gimonnet, Gaston Chiquet, Bérèche et Fils, Jacques Lassaigne, Pertois-Moriset, Huré Frères, Laherte Frères, Charles Dufour.

Côte de Sézanne/Coteaux du Morin

Copinet Nos pas dans… la craie Brut Nature

Lys strågul. Noko smal, steinete, kalkrik og gjerrig på dag ein. På dag to har det balansert seg ut med ein kledeleg gul eplefrukt. Slank og knusktørr champagne der fokus ligg på kalk og kritt. Litt sitron og crispy eple er med. I ettersmaken kjem det element frå autolyse som kinin og brødskorpe. Slank stil som nok speglar Côte de Sézanne. Kompromisslaus champagne som blir litt for skrinn for min smak. 12,5 % alkohol. 100% chardonnay. Dosage: 0 g. Pris kr 500.

A Bergère Origine Brut

Lys strågul. Ganske fruktig champagne med eple og mogen sitron. Kledeleg krydra med eik og brødskorpe. Fin mousse, Frisk og slank champagne med chardonnay-dominans. Meir gul eplefrukt enn kalk. Ein del søt gjærbakst melder seg på, og ein liten bitter snert i ettersmaken. Har ikkje power eller konsentrasjonen som dei beste vinane frå Champagne, men svært god drikke til 400 kr. 12 % alkohol. 70 % chardonnay, 20 % pinot noir, 10 % meunier. 5 g/l dosage. Base frå 2019, degorgert i 03/22. Delvis gjæra i piece. Denne produsenten har i hovudsak eigne vinmarker men er ein negociant manipultant (NM). Flaske sendt av importør.

Barrat-Mason Fleur de Craie Extra Brut

Strågul. Livleg og frisk ange av mogen sitron og lemoncurd, kvit sjokolade og granny smith. Frisk, stram champagne. Knusktørr men med mykje smak. Gode syrlege smakar av gjærdeig, sitron, kritt og hummarskal. Tørr og frisk finish. Flott vin til prisen. Tenkte å kjøpe igjen, men er no utseld. 12 % alkohol. 100 % chardonnay. Årgang 2016 og degorgert 02/21. Kosta 450 då eg kjøpte vinen, gjekk opp til 472 etterpå.

Vallée de la Marne

I am Champagne Brut (Tarlant)

Strågul. Balansert champagne med både hummarskal og østers i nasen. Ein del fruktig sitruselement mot klementin og grapefrukt som skaper fin kompleksitet i lukta. Litt kvit sjokolade melder seg på, truleg frå eikelagring av basevin. Middels fine bobler og frisk fin smak med saltaktig kalk og sitrus. Noko meir folkeleg brut stil enn Tarlant sin Brut Zero, men dette er bra saker. 60% er baseårgang 2010, medan resten er 09, 08 og 07. Gjæring på stål og eik, og reservevinen ligg på eikefat. Tappa på flasker i mai 2011 og degorgert i februar 2017 med dosage på 8,8 g/l. Vinen kostar 430,40 kr. Har alt bestilt fleire.

Fam. Deluvin Meunier Perpetuel

Djup strågul. God intensitet og mykje gul frukt, eple, plomme, kalk og sjø. Smaken følgjer opp med gul frukt. Rund og snill, med noko nedfallseple, brioche og kalk. Mykje smak, litt rotete, men på ein sjarmerande måte. 12 % alkohol. 100% meunier frå Vandières i Vallée de la Marne. Solera med vin frå 1992-2017. 36 mnd på berme, degorgert 11/21 og dosage på 5 g/l. Vel verd 450 kr.

Montaigne de Reims

R. H. Coutier Cuvée Tradition Grand Cru Brut

Strågul. Crispy eple i starten. Hint av sopp, autolyse og kjeks. Generøs nase. Passe rik og fyldig champagne. Oksiderte eple og østers dominerer. Litt rustikk, men gøy vin med mykje smak og sjarm for pengane. 12 % alk. 80 % pinot noir, 20 % chardonnay. Base på 2015 (60%) og resten reservevin. Degorgert 09/22. Kostar 390 kr. Kjem nok til å kjøpe igjen. Denne produsenten er ein récoltant coopérateur (RC). Dei leverer druer, basevin eller most til eit kooperativ som lagar vinen, så får dei flaskene tilbake med eige namn på etiketten.

Nicolas Maillart Platine 1. cru Extra Brut

Strågul med oransje glimt. Rik og litt feit lukt med gulfrukt, fatpreg og noko raude bær. Fyldig, ganske rik stil. Her er både frukt og autolyse. Mogen sitron, kvit sjokolade, nedfallseple og fat. Flott vin i denne rike stilen. 12,5 % alk. 54 % pinot noir, 26 % chardonnay, 20 % meunier. Miks av 2018, 2016, 2015, 2014. Degorgert 09/22. Vel verd 445 kr. Kjem nok til å bestille meir.

Côtes des Bar

Piollot Père & Fils Colas Robin Brut Nature 2015

Lys strågul. Pen nase med mogen sitron, brødskorpe, honningmelon og kalk. Slank champagne, tørr og sitrondominert og med smak av østers. Lekkert Chablis-aktig syrespel. 12% alk. 100% pinot blanc frå Côte des Bar. Degorgert april 2021. Vinen kostar 500,10 kr. Flaska vart sendt av importør. 

Pierre Gerbais Grain de Celles

Lys strågul. Solid fruktig nase med gul frukt og raude bær, lett krydra med brødskorpe og kvit sjokolade. Over i munnen er det god fylde og bånndraget frå Cotes de Bar er tydeleg. Gulfrukt, litt kalk og autolyse. Solid og godsleg vin utan særleg oksidative trekk. Mykje vin for pengane. 12,5 % alk. 50 % pinot noir, 25 % chardonnay, 25 % pinot blanc. Basert på årgang 2019 og degorgert 04/22. Kostar 438 kr. Gerbais er NM.

La Borderie Trois Contrées Brut

Strågul mot løkfarga. God intensitet på lukt. Søt, rik lukt med vekt på gule eple og Sætre Gullvafler. Etter kvart kjem det nokre hasselnøtter og mogne sitronar trillande. God frukt i munnen, tørr. Solid sitronsmak før eit salt østerspreg melder seg på. Litt bitre eple og hasselnøtt i finish. Eg er ikkje heilt overtydd. Den raude Coteaux du Champenois Rouge 2018 frå same produsent var meir imponerande. 12 % alk. 70 % pinot noir, 23 % chardonnay, 7 % pinot blanc. 2020-base og 15 % reservevin. 10% er gjæra på eik. Tappa 08/07/21 og degorgert 19/10/22. 470 kr.

Val Frison Goustan Blanc de Noir Brut Nature

Lys strågul. Det luktar av gul frukt, kvit sjokolade, eik og popcorn med smør. Frisk, slank champagne med litt rikdom frå fatgjæring og autolyse. Noko kalk og gule eple. Ganske fin mousse. Lett bitter finish. Bra vin, og ein eg vil vurdere å kjøpe att. 12,5 % alk. 100 % pinot noir. Basert på 2019, degorgert 04/22. Vinen kostar 470 kr.

Leave a Reply