Som vanleg med italienske druer endar eg opp meir forvirra etter kjeldearbeidet enn då eg starta. Den vesle vinregionen Lugana – sør for Garda-sjøen, ikkje så langt frå Verona – har i hovudsak spesialisert seg på kvite druer, nærare bestemt turbiana. Fordi drua lokalt vart kalla trebbiano di Lugana antok dei som bryr seg om slikt at det berre var nok eit medlem av trebbiano-familien. Så kom vin-CSI med dna-testing og sånn, og hevda at drua berre var verdicchio med sexy namn. Dette vart ikkje godt mottatt i Lugana, og regionale krefter – antakeleg med mektige venar – har frå 2021 fått registrert turbiana som eit eige drueslag – dog tett i slekt med verdicchio. Dette i følgje nettsider som stort sett siterer kvarandre. Og enno har vi ikkje snakka om trebbiano di Soave. Eg resignerer og vil heller ha vin…
Ca’ dei Frati Lugana I Frati 2019
Lugana, Italia. Marknadsføring på flaske, etikett og heimeside kan tyde på at vinhuset vart stifta i 1939. 100 % turbiana. Eit halvt år i ståltankar saman med botnfallet, to månader på flaske før utsending.
Delikat sitronduft, pære og blomstereng frå nyopna flaske. Litt aprikos, litt våt stein og ørlite mandel bakom. Behagelege duftar.
Litt anonymt anslag før syra kjem i eit friskt og konsentrert midtparti med kvass sitron og rundare appelsin. Eit lite grapefruktbittert sting før ei lang avslutning med frisk sitron, saftig Granny Smith og ei fyldig – nesten oljeaktig – munnkjensle.
Artig og skummelt lettdrikkeleg vin – smattar på evigvarande sitri mellom slurkane. Med tid og luft glir sitrus over i grøne eple, og det er som å bita i verdas saftigaste Granny Smith. Fungerte bra åleine, men har nok ryggrad til å matche fish and chips. Supert kjøp til 262,-
Musikkbonus: Levin Brothers
Tony Levin vart liksom superstjerna med Peter Gabriel, King Crimson og fleire tusen plateinnspelingar, men storebror Pete ligg ikkje langt bak som keyboardist, komponist og arrangør for mellom anna Gil Evans, John Scofield, Miles Davis og Annie Lennox.
Etter å ha snakka om ei duoplate i fleire tiår vart det ikkje noko av før i 2014. Musikken? Cool, melodisk jazz i 50tals-stil der jazzmusikarar tok på seg slips før dei gjekk på scena. Sjølv gjekk dei rundt i dress heile tida for å få den rette stemninga.
Med seg har dei trommeveteranen Jeff Siegel, gitarist David Spinozza (Paul McCartney, Paul Simon, Billy Joel) og Erik Lawrence (Buddy Miles, The Spin Doctors), pluss legenda Steve Gadd på to spor.
Det fungerar på ein veldig sjarmerande måte, der dei to klassisk øvde musikarane atterskapar musikkstilen dei høyrde på i oppveksten. Femten nyskrivne originalar, ein godt kamuflert King Crimson-cover, elektrisk jazz-cello, krystallklare bassoloar, Dr. John-aktig orgel og lekkert pianospel over ein tett rytmeseksjon. Herleg og leikent overskotsprosjekt.
Kjelder:
https://cadeifrati.it/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
Diverse wikipedia
https://tonylevin.com/