Jasså, pinot blanc?!

Kjært barn har mange namn, men kor mange har pinot blanc kjær? Ikkje eg iallefall. Men av ein eller annan grunn så var det ei stemme i hovudet som hadde kviskra: kan det kome noko stort frå druesorten pinot blanc? Og nysgjerrig som eg er, så måtte eg finne ut av det. No er det jo ikkje slik at ein vin må vere stor, kompleks, dyr eller vanskelig tilgjengeleg for å vere god. Ein del vin har jo meir umiddelbare kvalitetar. Men bilete av pinot blanc er litt uklart. Og eg mangla ein del kunnskap og røynsle med drua. Difor ville eg prøve å sjå kva denne druesorten hadde på lager, i litt forskjellige stilar, land og jordsmonn.

Pinot blanc er ei drue som er henvist til å spele andrefiolin i dei vindistrikta der ho er planta. Det er ikkje mange enkeltvinmarks-pinot blanc i Alsace, og ho er ikkje funnen verdig til Grand Cru-vinmarker. I Tyskland har organisasjonen VDP klassifisert ein del vinmarker som Grosse Lage, og då er pinot blanc, eller weissburgunder, ein druesort som kan brukast i Grosses Gewächs-vin frå einskilde vinmarker i Baden, Württemberg, Pfalz, Franken, Hessische Bergstrasse, Sachsen og Saale-Unstrut. Men trass i GG-status, så er det i dei fleste distrikt slik at weissburgunder kjem i andre rekkje. I Pfalz er riesling viktigast, medan spätburgunder er på veg opp. I Baden er spätburgunder fremst, med grauburgunder rett bak. Totalt areal i Tyskland var per 2008 kome opp i 3731 ha.

Det har riktignok hendt ein god del med utvalet av weissburgunder frå Tyskland på Vinmonopolet sidan eg byrja å setje saman denne smakinga i 2019. No er det kome ein del GG-vinar på weissburgunder frå Baden, i tillegg til nokre frå Pfalz. Prisane er solide, så anten sel dette godt, eller så har produsentane overdriven tru på tysk weissburgunder.

I Austerrike er pinot blanc teke på alvor rundt Neusiedler See i Burgenland og i Styria. Faktisk er det nesten like mykje weissburgunder (1847 ha) som riesling (2050 ha) i Austerrike. Sveits har drygt 100 ha pinot blanc, medan Slovakia faktisk har 1050 ha. Tsjekkia kan òg seiast å ha ein solid del pinot blanc (812 ha) under synonymet rulandské bilé, medan Slovenia har 540 ha. Her er altså endå meir å undersøke, men vin frå desse landa kom ikkje med denne gongen.

Men det er nok i det nordlege Italia at pinot bianco/pinot blanc/weissburgunder får kome til på dei betre vinmarksflatene. Totalt er det 5126 ha i støvellandet. Då eg skulle prøve å samle saman vinar som verka interessante, var det Trentino-Alto Adige som gav best inntrykk. Når eg skriv dette halvtanna år etter smakinga, ser eg at fleire av dei vinprodusentane som var aktuelle då, ikkje finst på polet lenger. Samtidig er det komne fleire nye aktørar med pinot blanc i portføljen til bestillingsutvalet.

Men vi byrja med litt bobler, og eg hadde liggjande to flasker med champagne på 100% pinot blanc. Druesorten dekkjer om lag 100 ha i AOC Champagne, og det finst ein god del reine pinot blanc-vinar. Champagne har jo mykje prosess, så det skulle bli interessant å sjå kor mykje av drua som skein igjennom bobler, kalk og autolyse.

Gyéjacquot Anatom Blanc Vrai Brut var ein crisp men harmonisk champagne, med gulfrukt, passe med autolyse og nøtter og lett oksiderte eple. Vinen hadde 36 månader på berme. Pierre Gerbais lagar eit par vinar med pinot blanc, og L’Original Pinot Blanc Brut 2011 har vore opp og ned i pris på polet. Vinen har ei kompleks lukt med mykje gulfrukt. Balanserer mellom oksidert stil med mykje nedfallseple og litt tunge aroma, samtidig som her er mykje flott syre. Til 459 kr var det vel verd å prøve. Begge desse produsentane held til i Celles-sur-Ource i Aube.

Frå Alsace hadde eg teke med Hugel Cuvée les Amours Pinot Blanc 2014, som hadde både mandarinskal og østers på nasen. Smaken er i same retning, slank og kalkrik. Litt lite syre og noko tynn i frukta. Men med lufting så blir vinen rundare og det kjem fram noko meir eplefrukt. Marc Kreydenweiss Kritt Pinot Blanc 2017 har dette preget av mandel, som læreboka seier om pinot blanc. Her er hasselnøtt og urter med, i ein friskare stil enn Hugel. Urter og grapefrukt i ettersmaken. Denne vinen betalte eg 180 kr for i 2020. Men 2022-utgåva er komen opp i 313kr. Det kan ikkje vere ein enkel vin å selje.

Over i Trentino-Alto Adige, så dukkar det stadig opp nye produsentar i pollistene. Men tilbake i 2019-2020 var det litt færre. Kooperativet Kellerei St. Pauls har vinar i mange prisklassar, og pinot blanc er mellom dei mest brukte druesortane. St. Pauls Plötzner Weissburgunder 2020 kjem frå vinmark på vestsida av dalen, 550-650 meter oppe i sida med austvend eksponering. Pen pinot blanc, som likevel kanskje manglar ein x-faktor. Kvit steinfrukt, mandel og timian, snill og rund vin, som pinot blanc ofte kan vere. I same område (rett sør for Bolzano) held Ignaz Niedrist til. Hans vin Südtiroler Weissburgunder Berg 2016 har eit rikt og fruktig anslag, med appelsindrops, mynte og østers. God fylde og nøtter i smaken. Men det vert litt flatt utan ein tilstrekkeleg syre.

Cantina Terlano held til litt lenger nord, og er eit koopertiv som får gode skussmål. Dei har ein flott pinot blanc frå den sørvende vinmarka Vorberg, 450-600 meter over havet. For eit djupare dykk ned i kva den plassen kan by på, så vil eg tilrå Trink Magazine og denne artikkelen. Terlan Vorberg Pinot Bianco Riserva 2013 har pent utvikla gulfrukt, steinfrukt, eik og søtleg sitrus på nasen. Fyldig og stilig i teksturen, litt tung, men det heng då saman. Gule plommer og hint av eik. Kan truleg lagrast endå nokre år. Same produsent står for smakingens høgdepunkt.

Cantina Terlano Rarity Pinot Bianco 2005 har i tillegg til 12 månader på store fat, fått liggje i 2500-liters ståltank under trykk i elleve år før tapping på flaske. Denne metoden vart utvikla av Sebastian Stocker, som var vinmakar på huset frå 1955 til 1993. Kjølig, stilig og solid intensitet i lukta! Essensen av gulfrukt, mandel, mogen sitron og hint av eik. Laserrein, sitrande og konsentrert vin som er verd å oppleve, trass i prisen. Denne var kjøpt på eit spesialpol for 800 kr, truleg i 2020.

Så hadde vi ein liten vertikal med Manincor sin Eichhorn, ein enkeltvinmarksvin på 300 meter over havet, ikkje langt frå Lago di Caldaro. Denne pinot bianco-vinen får åtte timar skalmaserasjon før gjæring på eikefat. Etter ni månader vert vinen tappa på flasker. Manincor er biodynamisk sertifisert av Respect Biodyvin. 2018 viser tydeleg at varmen kom opp i dalane i nord òg, dette året. Rein og gul frukt, ull og syrleg mineralpreg. Pent fenolisk grep. Litt marsipan, eik og «chassagne-aktig» krydder. Flott vin. 2019 har òg lekker mjuk tekstur og gule frukter i retning aprikos. Litt lukka og framleis noko for mykje eik i miksen. 2021 hadde òg eit flott gulfrukt-bilete, i ein friskare pakke enn dei to andre. Her er òg fenolisk snert, men eika er litt for sterkt til stades.

Dette var berre eit lite glimt av kva som finst av pinot blanc. Det er faktisk verd å utforske denne sorten. Kanskje det ikkje finst noko vin som når heilt opp i det same kvalitetsnivået som riesling, chardonnay, chenin blanc eller grüner veltliner, men på vegen vil du truleg snuble innom område du kanskje ikkje hadde tenkt på.

Leave a Reply