I Andesfjella heilt nordvest i Argentina – på grensa til Chile og Bolivia – ligg vinregionen Jujuy, som klarar kunststykket å både vera nær ekvator og samstundes ein av verdas høgaste vinregionar. Ein region som ufrivillig vart sentrum i frigjeringskampane frå Spania på tidleg 1800-tal, og utsatt for både massedeportasjonar og brend jords taktikk, noko som fekk store negative konsekvensar for utviklinga av området. I UNESCO-landskapet Quebrada de Humahuaca blir det dyrka druer på opptil 3300 meter. Inntil 2003 var det berre lov å dyrka tobakk og sukkerrør her, så dette er knapt vaksne druestokkar.

Med Lucas i spissen har den Mendozabaserte Niven-familien også etablert seg i Quebrada de Humahuaca der dei dyrkar druer 2500 meter over havet. Sjølv har eg nyleg havna i unåde hjå chilenske vener ved å insistere på at all musikk frå Sør-Amerika inneheld corazón i tekstlinja – å sjå at det også gjeld vin er ein triumf!

Niven Wines Corazón Valiente Malbec 2023 Vinmonopolet

Quebrada de Humahuaca, Jujuy, Argentina. 100 % Malbec, spontanfermentert og modna i betongegg. Lavintervensjon, ufiltrert.
Umiddelbar aromatisk frå nyopna flaske. Blåplommer og fiol, litt tobakk, litt mynte. Ørlite funky pickles langt baki. Behagelege duftar.

Syrleg anslag, litt bitter kaffigrut og lakris inn i eit slankt midtparti med blåplommer og morell – får mokka-tonar og vinn fylde i møte med ein kjøtbit. Kjøleg bringebær i ei avslutning med anstendig lengde.

Behagelege duftar, meir kaotisk på tunga. Lett og litt annleis Malbec som eg likte godt – ikkje minst saman med eit stykke kjøt. Litt grovare tanninar mot slutten av flaska, men går fint å drikka utan mat. Ein trehundrelapp kjennes omtrent som riktig pris.
They Might Be Giants – Beast of Horns

TMBG har passert 40 med god margin – likevel turnerer dei som om verda skulla gå under når som helst. Nerd-rockebandet har gjennom åra gått frå duo til standard bandstorleik til å leggja til ei blåserrekkje med røynsle frå mellom anna Bruce Springsteen, Duran Duran, David Bowie og Blood, Sweat and Tears.
Dei siste åra har dei turnert mykje med eit slags nostalgisk Flood-show – til og med ei sjeldan Europa-vitjing i 2024 – men i god TMBG-estetikk er ingen av låtane frå Flood.
Frisk blanding av gamalt og nytt, små glimt av stand-up mellom låtane, energiske arrangement og eit band som stadig klarar å fornya seg.
Kjelder:
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner