Pinot of no Return

Méthode ancestrale – eller berre Méthode som dei kalla det i 1550 – er den eldste formen for musserande vinlaging ein kjenner til, der ikkje heilt ferdig fermentert vin blir tappa på flaske og dannar bobler i siste innspurt av gjæringa. Antakeleg oppsto det utilsikta ved at gjæringa stoppa når det vart kald vinter og livna til att då våren kom. I dag kan vinbønder tilsynelatande gje kontrollen frå seg til naturen, men samstundes ha ein styring over temperatur og prosess som ikkje var mogleg for tidlegare generasjonar. Om metoden er blitt enklare å hanskas med, er likevel ein heil del overlaten til slumpelukka og flaskevariasjon.

I San Luis Obispo County – midt mellom San Fransisco og Los Angeles – har Mikey og Gina Giugni laga vin sidan 2012, der dei med innkjøpte druer prøver å laga vin med så lite innblanding i prosessen som mogleg.  

Scar Of The Sea Methode Ancestrale Topotero Vineyard Rose of Pinot Noir 2021

San Luis Obispo County, California, Sambandsstatane. 100 % Pinot Noir. Pressa i heile klasar. Spontanfermentert og lagra på nøytral fransk eik. Økologiske prinsipp.  

Eruptiv opning, bleik rosafarge. Bolle i omnen, nysteikt brødskorpe, sumarleg kløvereng og jordbær. Ørlite anisfrø og karamell bakom. Reine og behagelege duftar.

Saftig anslag. Fyldig appelsin med litt sødme blandar seg med syrlege bringebær, og eit lite grapefruktbittert stikk. Evigvarande lengde med syrleg appelsin som kjempar om merksemda med ditto bringebær.   

Skummelt leskande, rein og svært vellaga musserande som fungerte veldig godt til tigerreker med mango. Kostar “dessverre” 370 kroner, noko som gjer det mest aktuelt for spesielt interesserte. Gøyaste vinen er har drukke på ei god stund.

Musikkbonus: Brittany Haas & Dan Trueman – Criss Cross

Hardingfele-prog møter Americana i noko eg frykta skulle bli ein slags kulturell appropriasjon, men som heldigvis står støtt på eigne bein. Felespelar Brittany Haas (Crooked Still, Chris Thile) spelar førstefiolin (pun intended), medan Dan Trueman på hardingfele bidrar med klangar og dobling av melodilinjene.

Eit litt einsformig lydbilete vert redda av stor variasjon i musikken, dei første låtane kan minna om Bill Frisell rundt om Nashville-perioden sin. Etter kvart blir det meir eksperimentelt inn i Benedicte Maurseth- og Carla Kihlstedt-land, tendensar til draumande musikk som minnar om Nils Økland, og melodiar som drar meg mot Sverige og konsertminner om Den Fule.


Annleis og særdeles vellukka fusjon mellom amerikansk og skandinavisk musikk som lét både gamalt og moderne på ein gong.

Kjelder:
https://www.scaroftheseawines.com/
Diverse wikipedia
https://www.brittanyhaas.com/

Leave a Reply