Virtue in Wine?

I rekkja med musikarar som fattar interesse for vinlaging finn vi både Sting, Les Claypool, Wongraven og Lemmy, sjølv om sistnevnte nok var in it av marknadsføringsårsaker. Ein som har meldt seg på nyleg er Sondre Lerche, som har starta eit samarbeid med Non Dos og produsent Olivia Junyent hjå Castell d’Age i Catalonia. Etter kvart er det blitt ein cava, ein oransjevin, pluss – vinen vi skal smaka – ein garnacha som verkar å vera ein stad mellom raud og rosé.

Sondre Lerche Patos Luz y Luz 2019

Penedès, Catalonia, Spania. 100% garnacha. Handplukka druer, spontanfermentering, 24 timars skalkontakt, modna på stål. Biodynamisk sertifisert. Ser ut til å vera 2020 som er på Vinmonopolet no.

Lett søtleg (honning)snute. Solbærbusk, morell, litt pepar, litt skinnjakke. Hasselnøtt ligg som ein pedaltone under resten. Behagelege duftar.  

Leskande munnkjensle. Mykje jordbær i midtpartiet som glir over i syrlege bringebær, medan kirsebær dyttar bakom. Frisk avslutning med anstendig lengde. Best lett avkjølt med små karanteneopphald i kjøleskapet.

Sjarmerande og skummelt lettdrikkeleg, ikkje kompleks, men nok detaljar til å gje vinen ryggrad. Fungerte veldig godt til gnafsetallerkerken med spekemat og oliven. Sofistikert sumarvin.

Musikkbonus: Norske Albumklassikere

Ikkje heng deg opp i klassikar-omgrepet, det er berre aldri kvilande Christer Falck, som i samarbeid med John Richard Stenberg – pluss ein haug med gode hjelparar – folkefinansierar norsk musikk som ikkje har vore på cd før, eventuelt er umogleg å få tak i. Til ein kvar tid ligg det ute 20 (potensielle) plater på Bidra som du kan kjøpe for 199,- Om 150 personar bidrar, blir plata trykt opp og kjem i posten. I løpet av nokre månader er over 130 cdar finansiert.

For eit fantastisk mangfald det er i norsk musikkliv! Sjangerspranga er enorme: her er Olav Stedje og Åse Klevland innimellom Jan Erik Vold og Jan Garbarek, Tom Mathisen, Bergen Bluesband og Rolf Graf, så vel som Boastein og obskure Famlende Forsøk. Enno har dei fleire hundre namn på blokka, og tar samstundes i mot forslag.

 HER kan du finansiere plater, HER kan du kjøpa dei ferdige.  

Leave a Reply