Jaudå, det kan godt vere at framtid tilhøyrer piwis*, men enn så lenge regjerer pinot noir og chardonnay kloden med mjuk hand og smakfull suksess. Verdas mest populære druesortar ligg godt sementert, men innimellom dukkar det opp nokre nykomarar som klarer å bite seg fast. Mine damer og herrar, ta godt imot: zweigelt!
Akseptert og elska
Zweigelt feirar altså 100 år, og grunnane til eit lite festskrift er fleire. Viktigast er kanskje det faktum at sorten har klart å bli den desidert største raudvinsdrua i heimlandet Austerrike, og det på kort tid. Austerrike er eit vinland i Europa med lange tradisjonar. Og her i vårt hjørne av vinverda går utviklinga ganske sakte. Planting av vinmarker er noko ein gjer med ein lang tidshorisont. Det tek tid å leggje om eller plante nytt før det vert solid avling, og vinstokkane skal kanskje stå i jorda i 50 år.
Dei fleste vindistrikt har konservative reglar for å bevare ein eigenart, og namnet på appellasjonen er som regel eit viktig reklameskilt for dei som held seg til reglane. Å innføre ein ny druesort kan ta tid. Zweigelt har klart å bli godkjend, gjenkjend, akseptert og likt i alle vinproduserande delstatar i Austerrike. Og altså gått frå fødsel til dominans på hundre år.
Etter phylloxera
Grunnen til at vi kan feire zweigelt i år, handlar nettopp om framtidas druesortar, dei med ein resistens mot vinstokkens mange fiendar. Det er særleg sjukdomane som kom med andre vitis-sortar frå Amerika, som mjøldogg, vinskimmel og phylloxera som dei nye piwis skal vere resistente mot. Som vi kjenner frå soga, så kom jo nettopp desse sjukdomane til den europeiske vinstokken frå Amerika.
Løysinga på phylloxera, med poding av vitis vinifera-sortar på rota av amerikanske typar som vitis riparia, vitis lambrusco, vitis rupestris, vart funnen og aksepter utover på 1880-talet. Men vinindustrien stod nærast på bar bakke, og mange småbønder som leverte druer til oppkjøparar, hadde ikkje alltid råd til å dekke kostnader med rotstokk og poding. Nye hybridar mellom amerikanske og europeiske sortar dukka opp. Desse “direct producers” var resistente mot phylloxera, men hadde med seg den særeigne “foxy” smaken av amerikanske vitis-typar. Enno er slike direct producers utbreidd på til dømes Madeira.
Friedrich Zweigelt
Det var i ein slik situasjon at Friedrich Zweigelt arbeidde med å få til ein ny sort som kunne gje høgt utbytte og bli til enkel og grei kvardagsvin. Han hadde i 1912 teke til ved statens gartnarskule, eller Höheren Staatslehr- und Staatsversuchsanstalt für Wein-, Obst und Gartenbau i Klosterneuburg. Etter fyrst å ha drive med insekt- og plantestudier, tok han i 1921 over vindyrkingsdivisjonen på skulen. I 1922 registrerte han ein ny sort, med kryssinga av st. laurent x blaufränkisch.
Brun historie
Friedrich Zweigelt melde seg inn i NSDAP i 1933, og i 1938 kom han med sterke sympatiar for Hitler sine planar. Etter at krigen var over vart han arrestert, mistenkt for illegal aktivitet for okkupasjonsmakta. Det vart difor litt debatt om namnet hans skulle brukast på druesorten. Sorten kan òg gå under synonyma blauer zweigelt, zweigeltrebe og rotburger. Sistnemde gjev ikkje dei beste assosiasjonar i engelsktalande marknader, og det kan nok ha vore med på å få zweigelt som namn på drua.
Zweigelt i vinmarka
Høgt utbytte er gjerne populært for vinbønder, for det gjeld å ha noko som tryggar økonomien. Litteraturen seier at zweigelt er enkel og grei, men korleis er det til dømes samanlikna med blaufränkisch, den andre viktige raudvinsdrua? Fleire vinprodusentar har send meg svar, og sanninga er ikkje like enkel. Eg tenkte at sidan den gjev høgt utbytte, var det mindre kostnader gjennom sesongen. Men zweigelt kan utvikle noko som på tysk heiter traubenwelke, der druene etter veraison sluttar å akkumulere sukker og dovnar hen.
Georg Schröck frå Heidi Schröck i Rust, fortel at dei gjerne snittar av ein del av klasen til zweigelt i løpet av sommaren, for dei er store og med mindre druer vert det betre utvikling. Franz Weninger seier at zweigelt har meir behov for næringsstoff og vatn, og difor kan få problem i tørre, varme år. Når det gjeld arbeidstimar i vinmarka, er det ikkje så stor forskjell på blaufränkisch og zweigelt. Men så gjer jo gjerne zweigelt høgre utbytte, og vert då “rimelegare” allikevel. Weninger seier òg at det er greit å lage “drinking wine” av zweigelt, men vanskeleg å lage “fine wine”.
Druesorten anno 2022
Korleis ser zweigelt-vin ut i 2022? Det er eit variety uttrykk, og fakstisk meir enn berre enkel, keisam kvardagsvin for lokalbefolkinga. Utover Austerrike har zweigelt funne fotfeste i Tsjekkia, Slovakia og Ungarn, og noko mindre planting i Tyskland, New Zealand, Canada og Japan. Mykje er enkel raudvin, men drua vert faktisk òg brukt til rosé, bobler og søtvin. På polet finst det austerriksk raudvin på zweigelt frå 140-365 kr. Elles er jo zweigelt brukt i blandingsvinar med blaufränkisch og st.-laurent, og med internasjonale sortar.
Nyfiken på meir stoff frå Austerrike? Her er nokre ord om diverse vin frå Burgenland.
Krasna Hora Miya 2021
Mørk rosa med noko oransjeskjær og uklar. Moderat intensitet på lukt. Eg finn rips, harpiks og eit fint drag av rabarbra. Brusaktige bobler. Frisk, men enkel og eindimensjonal vin med smak av rips, bringebær og sitrus. Ok lengde, men teksturen er slapp. For dyr. 12,5% alkohol, bruskork, flaskevekt 500 g. 250,00 kr.
Krasna Hora er eit familiebruk på 15 ha i Moravia i det søraustlege Tsjekkia. Økologisk drift av vinmarker, og eit fokus på pinot og chardonnay. Denne pet-nat-vinen er på 100% zweigelt.
Kein Name Niederösterreich Zweigelt Rosé Trocken 2021
Bleik rosa mot oransje. Frisk og litt søtleg lukt av mogne gule eple, gul frukt og søte bringebær frå grøftekanten. Enkel, frisk rosé med pen fylde og smak av fersken, eple og villbringebær. Bra rosé til prisen. 12% alkohol, skrukork, flaskevekt 375 g. Pris, kr 129,90.
Vinen er laga av Ferdinand Mayr i Kremstal. Akkurat kvar druene kjem frå er usikkert, men det er no i Niederösterreich. Mayr lagar vin med eigne druer frå Kremstal, og frå materiale frå Burgenland. Kalkstein og leirejord, ti år gamle vinstokkar. Ein dag skalkontakt og totalt 20 dagar gjæring i ståltank.
Gmeinböck Zweigelt 2021
Rubinraud, transparent. Ein fruktig sak, og dette luktar då fint. Kirsebær, krekling og kanel. Mjuk og grei vin, fruktig og liketil. Gode smakar av mørke bær og litt eukalyptus. Reint, ærleg og godt til prisen. 13% alkohol, skrukork, flaskevekt 500 g. 139,90 kr. Flaska vart send av importør.
Produsenten held til i Poysdorf i Weinviertel, ikkje langt frå grensa til Tsjekkia og vindistriktet Moravia. Hovuddrua er grüner veltliner, men dei gjer òg vin på muskatell, riesling, pinot blanc etc. Denne zweigelt-vinen er ståltankgjæra, frå eit år med lang og god mogning av druene.
Bründlmayer Zweigelt 2017
Transparent rubinraud. Rein og lett utvikla frukt, god intensitet. Bakte kirsebær, terracotta og vanilje. Mjuk vin med utvikla mjuk frukt og pen syre. Syrlege raude og mørke bær. Bra konsentrasjon. Litt snilt og rundt, men interessant med ein zweigelt som ikkje er blodfersk. 12,5% alkohol, skrukork, flaskevekt 490 g. 208,00 kr. Flaska vart send av importør.
Willi Bründlmayer har vore ein faneberar for kvalitet i Austerrike sidan 80-talet. Vingarden ligg i Langenlois i Kamptal, og i tillegg til flotte vinar av grüner og riesling, har han satsa ein del på musserande vin. Zweigelt-parsellane til Bründlmayer vart kjøpt frå slektningar av Friedrich Zweigelt. Maserasjon i to veker i ståltank, før 12-24 månader på austerrikske Doppelstück (2400 l).
Kolfok Querschnitt Rot 2020
Mørk, tett lillaraud. Søtt og friskt anslag av mørke bær. Krekling og lakrisrot stikk seg fram. Lett, mjuk og fruktig zweigelt med rein smak av mørke bær, lakris og krydder. Pen syre. Zweigelt med karakter. 90% zweigelt, 10% syrah. 12,5% alkohol, naturkork, flaskevekt 550 g. 259,00 kr.
Stefan Wellaschitz kjem frå ein vinfamilie i Neckenmarkt i Burgenland. I 2013 starta kan for seg sjølv under namnet Kolfok, som er eit lokalt dialektord for ein som tenkjer utanfor boksen. Denne zweigelt-vinen er laga med 50% heile klasar. Maserasjon utan pumping eller nedstaking i ein tank i 100 dagar. Vidare mogning i elleve månader i Stück (1200 l). Ingen SO2 tilsett.
Schwarz The Butcher Zweigelt 2020
Mørk rubinraud farge. Frisk lukt av syrlege mørke bær. Rein, open stil. Smaken er mot mørke bær, rein, lett og saftig. Ganske mjuk i strukturen, og med hint av steinstøv i tillegg til den fine frukta. Ein god og ukomplisert zweigelt. 12,5% alkohol, skrukork. 159,90 kr.
Hans Schwarz er slaktar emeritus i Andau, og driv han og sonen med vin på fulltid. Vindruer har han hatt tidlegare, men seld dei til andre produsentar. Zweigelt er hovuddrua, i tillegg til grüner veltliner, chardonnay, muscat ottonel, blaufränkisch og pinot noir. Andau ligg på austsida av Neusiedler See, på grensa til Ungarn, og er den varmaste staden i Austerrike. Her er det flatt, og vinmarkene kviler på sand, silt og leire. Det kontinentale klimaet bidreg til god mogning i druene. Maserasjon og gjæring i ståltank, utan tilsett gjær. Sidan får vinen 13 månader på brukte franske fat, utan at det har sett noko sterkt preg på vinen smaksmessig.
Kristinus Siller
Mørk rosé på farge. Noko synleg botnfall i flaska. Liflig og lett lukt av søte bringebær og kirsebærgodteri. Frisk, lett, mjuk vin med eit lite tanningrep som skaper balanse og interesse. Gode smakar av bringebær, rips og kvit fersken. Liten bitter snert i ettersmaken. Fin sommarvin. 13% alkohol, Nomacork Select Green 100-kork, flaskevekt 380 g. Vinen kostar 219,90 kr. Flaska vart send av importør.
Tyske Florian Zaruba driv ein gard med biodynamisk filosofi på sørsida av Balaton-sjøen. 60 ha er vinmarker, med mange ulike sortar. Garden er den fyrste i Ungarn som er karbonnøytral. Vinen Siller er midt mellom raud og rosé. Clarete-stil lys raudvin på zweigelt med 24-30 timar maserasjon. Vidare gjæring og mogning på ståltank. Minimal svoveltilsetjing. Dette er ein lifleg og lett sommarvin som kryssar av i rutene søte bringebær og kirsebærgodteri.
Kracher Zweigelt Beerenauslese 2020
Farge som utblanda hushaldssaft. Lukt av søte jordbær og syltetøy, botrytis og tørka mango. Søt og botrytisprega vin med lekker tekstur og smak av nedlagde aprikos, mango og noko søte bringebær. Grei syre. Artig å prøve ein slik vin på raudvinsdruer, men vil nok kanskje foretrekke søtvin med høgre syre. Sikkert god til riskrem med raud saus. 9,5% alkohol, 136 g/l restsukker, 5,5 g/l syre, naturkork, flaskevekt 480 g. Vinen kostar 205,90 kr for 37,5 cl.
Kracher held til i Illmitz på austsida av Neusiedlersee i Burgenland. Familien har vore spesialistar på søt prädikatsvin, men dei gjer noko tørre kvit og raude. Gerard Kracher fortel at zweigelt-vinmarkene vert drivne likt for både raudvin og til denne beerenauslese. Det er noko grøn hausting om sommaren for å få konsentrasjon til gjenverande frukt. Det er 50-60% botrytis-druer i denne vinen, og utbyttet er på 2000-2500 liter på ein hektar. Druene ligg i maserasjon i 5-8 dagar før pressing. Men botrytis øydelegg fargen i druene, så difor vert vinen rosa.
* Piwi står for pilzwiederstandsfähigen rebsorten, eller sjukdomsresistente druesortar på norsk. Sjekk gjerne Piwi International, for meir info.