Leitz Dance

Sjølv om dei i hovudsak berre er transittlager for BU-bestillingane mine, så er eg ordentleg glad i lokalpolet mitt som heldt ut mine gretne årgangsreturar og endelause besøk når eg er vinøst selskapssjuk. Dei tar til og med inn ein del av tinga eg anbefaler (I praksis kjøper eg dei flaskene også, for å gjera det mindre pinleg for alle partar.). No tyder ting på at eg har undervurdert dei  – utanfor radaren min har dei tatt inn Berg Kaisersteinfels 2011 til butikken – og audmjukande nok måtte det ein bergensar til for å gjera meg merksam på det.

Les meir “Leitz Dance”

Blood Sugar Sec Magik

I ein region der det har vore dyrka chenin blanc sidan 800-talet, er Domaine Hüet med sine 90 år ein slags nykomar. I 1928 var det nettopp Le Haut-Lieu Victor Hüet kjøpte då vinhuset vart fødd. Sidan 1988 har garden vore driven biodynamisk. At chenin blanc er verdsstjerne i Loire, men arbeidshest i resten av verda seier antakeleg noko om kor allsidig drua er. Alt … Les meir Blood Sugar Sec Magik

J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011

J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011 Modne blåplommer, lakris, potetskrell, svart pepar, lyng, skinnjakke, oliven;  kraftige -på grensa til brutale-  duftar. Rå potet tar litt mykje plass frå nyopna flaske. Med litt tid kjem parfymerte kryddertoner, nellik og einebær, saman med bringebær og litt treverk. Runder av etter ei stund og får eit slags fioler-i-fjøset-preg der blomar møter animalske sniff. Roleg anslag, litt kaotisk midtparti … Les meir J.L. Chave Sélection Crozes-Hermitage Silene 2011