Den Første Nattverden

-Eg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. I talen til disiplane under den første nattverden synte Jesus nok ein gong for ein gudbenåda retorikar han var. Kveldsmåltidet skjærtorsdag startar ei serie hendingar med  truskap og svik, benektning og benåding, død og attkomme. Hendingar som har forma – og fortset å forma – verda vi lever i. Eg er vintreet, de er greinene. Om … Les meir Den Første Nattverden

Den andre Pinot-en

Alle gode lag treng arbeidshesten – som tar løpet tilbake i forsvar når stjerna mister ballen, som heller måker ballen over tribuna enn å prøva seg på ein piruett, som kontinuerleg gjer jobben sjølv om hen aldri vil få noko Ballon d’Or. I skuggen av kjendisane Pinot Noir og Chardonnay har Pinot Meunier fått denne rolla i Champagne. Drua dannar skot seint og modnar tidleg – ein verdifull eigenskap i ein kjøleg region – og tar med seg mjuk frukt til blandinga. Meunier står for 32 prosent av druedyrkinga i Champagne, vil drua klare seg åleine i flaska?

Les meir “Den andre Pinot-en”

The Würst of Times

Då var det nok over for denne gongen.  Bikiniblick og resten av dei knøttsmå, stupbratte parsellane er selt, og Olaf Schneider har endra status frå Weingut O til Hotelgut O. Boomers på Nattverden vil hugse at eg er begeistra for produsenten, spesielt var kabinetten eit latterleg bra kjøp. Sjølv om eg er kjend som ei sektmachine har eg likevel enno ikkje smakt boblene frå garden, og dette er siste sjanse…

Les meir “The Würst of Times”

Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014

Ribolla blir omtalt som ei italiensk drue – men truleg kom ho gjennom Slovenia frå Hellas. Ikkje særleg kjend i dag, men desto meir berømt og berykta gjennom historia. Giovanni Boccaccio (han med Decameronen) rekna vinar med ribolla som ei av syndane i fråtse-kategorien, medan Leopold III krevde 100 urner med ribolla-vin i året frå Trieste, og drua vart rekna for å laga den finaste kvite vinen i Friuli. Så kom phylloxera og øydela alt – ved gjenplantinga satsa ein heller på importerte druer som merlot og sauvignon blanc heller enn lokale slag. I kveld lar vi Venezia halda på med sitt og klatrer opp i åsane over grensa til Slovenia.

Les meir “Marjan Simcic Teodor Belo Selekcija 2014”