Luke 17: Your latest tic

Guffens aux Tourettes Syrah d`Endes 2016

I 1976 skulle flamlendingane Maine og Jean-Marie Guffens-Heynen vera i Burgund eit år for å læra fransk. Dei er der framleis. Etter litt vinstudier og vingardsarbeid starta dei så smått for seg sjølv med det som i dag er Domaine Guffens-Heynen.

I 1990 utvida dei med Maison Verget som henter druer frå Mâconnais, Chablis og Côte d’Or, men Jean-Marie var framleis jordsjuk. I 1997 kjøpte dei Château des Tourettes, som ligg nokre få kilometer frå Apt, og starta med det eigen produksjon i Rhône, og dermed vinen vi skal smaka i kveld.

Les meir «Luke 17: Your latest tic»

Riesling on The Fly

Grunnlagt i 1711 og mildt sagt ein veteran når det gjeld dyrking av riesling rundtomkring Forst og Deidesheim. Det er liksom ikkje mangel på legendariske vinmarker i Pfalz – Pechstein og Ungeheuer kjenner vi frå Mosbacher, Jesuitengarten frå tidlegare møter med Acham-Magin.

Skuffande nok har vinmarka Mäushöhle ingenting med Tom & Jerry å gjere, men kjem frå familienamnet ‘Maus’ saman med eit leksem av det tyske ordet for skråning. Familiegard heile vegen, økologisk sidan 2010, biodynamisk sidan 2012…

Les meir «Riesling on The Fly»

Kreinbacher Juhfark 2016

Somló er det minste vindistriktet i Ungarn, nordvest i landet, dyrkar kun kvite druer og ligg i skråningen av ein eks-vulkan, noko som legg til rette for mineralske viner. På sitt største laga dei vin med same status som Tokaj. I tillegg hadde vinane frå Somló ein annan eineståande eigenskap: Om du drakk vin laga av juhfark før sex, så var du garantert å få … Les meir Kreinbacher Juhfark 2016

Nobody puts baby in the kerner

Ta ei vekes pause frå italiensk vin og du risikerer i mellomtida at det er oppdaga tre nye druevariantar, pluss kommen ein ny DOC-status i bakhagen til onkel Luigi. Italia er kaotisk på mange  -både sjarmerande og mindre sjarmerande- måtar, men nokon gonger er det heldigvis handfaste haldepunkt. Vindrua kerner vart avla fram i eit drivhus i Lauffen i 1929, og er ei krysning av … Les meir Nobody puts baby in the kerner

Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016

At musikarar interesserar seg for vinproduksjon har liksom blitt ei sedvane – i Noreg har vi Wongraven, Sambandsstatane har Les Claypool, og Storbritannia har… Sting? Jauda, Trudie Styler og ektefelle Gordon Sumner – novocastrianaren som ikkje hadde smakt vin før han nærma seg 30 – kjøpte og fekk restaurert Il Palagio i Firenze, der det i dag vert produsert olivenolje, honning og diverse frukt, i … Les meir Il Palagio Message in a Bottle Bianco 2016

Domaine de Sahari Guerrouane 2016

At Marokko har ein lang vintradisjon burde knapt vera ei overrasking med tanke på at dei har vore under både romersk og fransk herredømme gjennom historia. Etter lausrivinga frå Frankrike i 1956 svann produksjonen, men Kong Hassan II – utdanna ved universitetet i Bordeaux – fekk entusiasmen tilbake, og Marokko tapper i dag meir enn 40 millionar flasker i året. Ved foten av Atlasfjella ligg … Les meir Domaine de Sahari Guerrouane 2016

Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

«Selv om det er rustikt, skal det være pent», sa Morten med restaurantsjef-røyst. Eg var henta inn som kokkeslask på choucroute-middag – han hadde spotta ein oversett potetskalflekk etter skrellinga, og gav meg ei påminning om at også det enkle skal gjerast ordentleg. Etter to dagar med sol og temperaturar over 10 grader går eg sjølv inn i ei årstid der eg søkjer det enkle … Les meir Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

Fusser Blanc de Pinot Noir 2016

  Fusser Blanc de Pinot Noir 2016 Kvit pinot noir er ikkje heilt daglegdags kost, men eit kjapt søk syner at det blir laga rundtom i Europa, i USA og i New Zealand. Det kan sjølvsagt vera eit ønske om å vera kontrær og eksperimentell, men har antakeleg meir med å kunna hausta drua tidlegare i mogninga og dermed kunna dyrka pinot noir i kaldare … Les meir Fusser Blanc de Pinot Noir 2016