Perler for vin
«Velkomen tilbake, Jan Tore. Sist time vart vi einige om at du skulle øva på å kjøpa ordentleg vin, og ikkje dei rare tinga du vanlegvis bestiller. Korleis har det gått?»
«Ikkje så veldig bra…»
«Uff – vil du snakka om det? Kva kjøpte du?»
«Cabernet Sauvignon…»
«Flott, Flott. Klassisk drue og greier.»
«…frå Tyskland.»
«Jo, jo. Tyskarane har vist at dei kan laga god vin utanom riesl…»
«…med bobler.»
«…»
«Og bruskork…»
«…»
«…»