Druenes Herre
Det er ein del ting i verda som fort utløyser snev av imposter syndrome hjå meg. Blindsmaking, sjølvsagt. Og «Berre
finn ein god vin til oss du, Jan Tore». Og så er det quiz-spørsmålet som dukkar
opp i nesten kvar einaste vinrelaterte spørjetevling, men som eg ikkje ein gong
klarar å pugge meg til å hugse: ‘Kva druer er det lov å bruke i Champagne? (Max
7 poeng).’
Dei tre hovuddruene går sjølvsagt greitt, ditto Pinot Blanc og Pinot Gris-halvbroren.
Men så byrjer det å stokka seg – Pinot eller Petit Meslinger, eller kva det no
var? Og ei til…