Leitz Dance

Sjølv om dei i hovudsak berre er transittlager for BU-bestillingane mine, så er eg ordentleg glad i lokalpolet mitt som heldt ut mine gretne årgangsreturar og endelause besøk når eg er vinøst selskapssjuk. Dei tar til og med inn ein del av tinga eg anbefaler (I praksis kjøper eg dei flaskene også, for å gjera det mindre pinleg for alle partar.). No tyder ting på at eg har undervurdert dei  – utanfor radaren min har dei tatt inn Berg Kaisersteinfels 2011 til butikken – og audmjukande nok måtte det ein bergensar til for å gjera meg merksam på det.

Les meir “Leitz Dance”

Leitz Rüdesheimer Berg Kaisersteinfels Riesling Terrassen 2010

Leitz Rüdesheimer Berg Kaisersteinfels Riesling Terrassen 2010 På ein måte gjenoppdaga eg Leitz på polet for nokre veker sidan etter fleire års pause frå produsenten – ikkje berre det, men i følgje loggen så skulle det vere ei flaske Kaisersteinfels i eigen heim. Ganske riktig – innerst i kjellaren, der lyset knapt er skilt frå mørkret – låg flaska merka «LUFT!» med store bokstavar. Det … Les meir Leitz Rüdesheimer Berg Kaisersteinfels Riesling Terrassen 2010