La Berta Pagadebit 2015

Uansett kor stusseleg året hadde vore kunne du alltid stola på at Bombino Bianco leverte ei stødig avkastning uansett ver og temperatur – så vesentleg for økonomi og nedbetaling av gjeld at drua nokon stader i Italia har fått namnet Pagadebit. Nattverden har tidlegare smakt Bombino Bianco i blanding med Malvasia og Trebbiano. Korleis klarer drua seg heilt åleine?

Les meir “La Berta Pagadebit 2015”

Cantina Ribelà Ribolie 2017

Eit steinkast sør for Roma ligg Frascati – antakeleg vinregionen med dårlegast rykte i Italia – berykta for kommersiell og billig vin retta mot budsjett-turistane i hovudstaden. Sidan 2014 har familien Presutti prøvd å gjera noko med dette. Dei fekk i starten leigd seg ein ‘ubesudla’ parsell og har etter kvart fått kjøpt nok land til å laga vin med eigne druer. På 350 meter … Les meir Cantina Ribelà Ribolie 2017