Santa Julia Brut

Ucodalen er i ferd med å få eit godt rykte som indrefileten i Mendoza. Ved foten av Andesfjella ligg markane over  1000 m.o.h, noko som gjev langsamare mogning og legg til rette – i alle fall i teorien – for meir sofistikerte druer med betre balanse mellom syre og sukker. Argentinsk biffvin med Malbec har fått ei finare adresse i Uco – men vi veit liksom at det er bra. Då er det meir spanande korleis budsjettbobler i ein slags bogus Champagneblend frå dalen vil hevda seg.

Les meir “Santa Julia Brut”

Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

At Luxemburg har føresetnader for å laga vin burde ikkje overraska nokon – i aust kan ein sjå over elva rett til tyske vinmarkar i Mosel. Ved breidda etablerte Jean Bernard-Massard seg i 1921 – i dag produserer dei 4 millionar flasker i året. Ecusson-serien var meint å vera eit eingongsprosjekt til 50-årsjubileumet for vingarden i 1971. Responsen var imidlertid så positiv at vinen framleis … Les meir Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

Tsarine Premium Brut N.V.

Tsarine Premium Brut N.V. Budsjettsjampanje med utspring i Maison Chanoine, nest eldst i Champagne – grunnlagd i 1730 – og eit hus som gjorde seg feit på tsar-russland si besettelse for franske bobler. Flaska er designa som ei hylling til russisk arkitektur og kjem i ein glorete tinnboks, noko som – ikkje uventa – trigger eigne fordomar mot dillete vedheng… “The Pinot Noir grape provides the … Les meir Tsarine Premium Brut N.V.