Perler for vin

«Velkomen tilbake, Jan Tore. Sist time vart vi einige om at du skulle øva på å kjøpa ordentleg vin, og ikkje dei rare tinga du vanlegvis bestiller. Korleis har det gått?»
«Ikkje så veldig bra…»
«Uff – vil du snakka om det? Kva kjøpte du?»
«Cabernet Sauvignon…»
«Flott, Flott. Klassisk drue og greier.»
«…frå Tyskland.»
«Jo, jo. Tyskarane har vist at dei kan laga god  vin utanom riesl…»
«…med bobler.»
«…»
«Og bruskork…»
«…»
«…»

Les meir «Perler for vin»

Kardinalsynd og juksepavar #4

Kva har Siv Jensen sitt indianarkostyme, og isbit-utvinning frå Svartisen med vin å gjere? Det kjem vi til. Men du har kanskje allereie byrja å sjå teikninga her? Det handlar om å følgje skrivne og uskrivne reglar, om moralske kompass ute av kurs, ja slike ting. Fellesskap Som vinbonde og/eller vinprodusent er ein som regel del av eit fellesskap med andre i same situasjon på … Les meir Kardinalsynd og juksepavar #4

Don’t Take Your Love To Town

På drikkefronten er det ikkje tvil om at Tsjekkia er mest forbunde med bitterdram og øl, men nokre særingar driv også med vin. I Mähren, der 96% prosent av tsjekkisk vin vert produsert, veit ein at romarane oppfordra til drueplanting i år 278. Franske munkar planta druer her på 1200-talet, og Krasna Hora har i stor grad satsa på druer med fransk opphav.

Les meir «Don’t Take Your Love To Town»

Ch. Kefraya 2012

  I Noreg har Libanesisk vin vore synonymt med Musar, men i søraust i Bekaadalen er det fleire som vil vera med på leiken. Chateau  Kefraya planta dei første vinstokkane i 1951 og lagde – sjølv med vedvarande borgerkrig – sin første årgang i 1979. På 300 hektar med terrassar dyrkar dei Cabernet Sauvignon, Syrah, Chardonnay og Viognier, men også meir sære druesorter som  Carménère, … Les meir Ch. Kefraya 2012

Château La Tour Carnet 2008

Om nokon ‘fortener’ å bli omtalt som vinmagnat så må det vera Bernard Magrez. I tillegg til Ch La Tour Carnet eig han tre andre grand cru-marker i Bordeaux, fleire eigedomar i andre vinregioner i Frankrike pluss andre stader i Europa, Sør-Amerika og USA. Decanter har han på Topp 30-lista over dei mektigaste vinfolka i verda. Château La Tour Carnet har kjend historikk tilbake til 1100-talet og er mellom dei eldste gardane i Médoc-regionen. Dei første druene vart planta her i 1407.

Les meir «Château La Tour Carnet 2008»