Jalliet Clos Espinous 2015

Carignan. Varmekjær og likevel seint moden, utsatt for sjukdom, utskjelt for å fylla opp «vinsjøen» i Europa med si enorme avkastning, og stadig hovuddrue i Languedoc. No er ein ny generasjon bønder på veg inn med nye ideal – her er det lav avkastning, spontanfermentering, ingen svovling, økologisk sertifisering og 80 år gamle drueplantar. Jalliet Clos Espinous 2015 Carignan 50%, Grenache 25%, Syrah 25% Sursøt … Continue reading Jalliet Clos Espinous 2015

Domaine de Sahari Guerrouane 2016

At Marokko har ein lang vintradisjon burde knapt vera ei overrasking med tanke på at dei har vore under både romersk og fransk herredømme gjennom historia. Etter lausrivinga frå Frankrike i 1956 svann produksjonen, men Kong Hassan II – utdanna ved universitetet i Bordeaux – fekk entusiasmen tilbake, og Marokko tapper i dag meir enn 40 millionar flasker i året. Ved foten av Atlasfjella ligg … Continue reading Domaine de Sahari Guerrouane 2016

Ch. Kefraya 2012

  I Noreg har Libanesisk vin vore synonymt med Musar, men i søraust i Bekaadalen er det fleire som vil vera med på leiken. Chateau  Kefraya planta dei første vinstokkane i 1951 og lagde – sjølv med vedvarande borgerkrig – sin første årgang i 1979. På 300 hektar med terrassar dyrkar dei Cabernet Sauvignon, Syrah, Chardonnay og Viognier, men også meir sære druesorter som  Carménère, … Continue reading Ch. Kefraya 2012