Je Suis Ton Père

Eg er far din… Anten du er drue eller jediriddar, så kjem vi alle frå ein stad. Luke Skywalker i Star Wars oppdaga på dramatisk  vis – i ei scene som antakeleg ville blitt klipt bort frå Tore på Sporet – opphavet sitt, medan Matthieu Barret fermenterer fortida. I Cornas har han ein liten parsell med dureza – «pappaen» til syrah – meir skulle det ikkje til for å laga seg fjollete ordspel og ein Darth Vader-variant av den etter kvart så kjende teddybjørn-etiketten.

Les meir “Je Suis Ton Père”

2 x Cornas

Smått og godt Det 145 hektar vesle vindistriktet Cornas opplever auka interesse. Om det er fordi vinen frå storebrørne Côte-Rôtie og Hermitage er blitt for dyre for mange, veit eg ikkje. Det kan også vere at generasjonsskifter og litt dynamikk har vore utslagsgjevande. Småskala bønder som lagar vin i tradisjonell og litt rustikk stil, overdreg vinmarker til unge og svoltne gutar og jenter som har … Les meir 2 x Cornas

François Villard Jouvet Cornas 2013

Vanlegvis handlar desse introane om ein eller annan tippoldefar som med druer og dynamitt la grunnlaget for bruket. François Villard har ikkje ei slik ættetavle – han har restaurantbakgrunn og er sjølvlært vinmann. Første stokkane vart planta i 1991 – etter kvart har jordsjuke og eksperimentlyst balla på seg og han produserer årleg over 200 000 flasker i 25 ulike cuveear.

Les meir “François Villard Jouvet Cornas 2013”