R.I.P. – Riesling i parkett

På gravsteinen Om du har vore på ein kyrkjegard har du nok lagt merke til eldre gravsteinar. Det som skil desse frå nyare, er at yrket til personen som er gravlagt somme tider er teke med. Meieribestyrar, disponent, overlærar, gardbrukar, lækjar, prest og klokkar er titlar som fortel noko om vedkommande. Fødselsdato og dødsdato fortel om alderen. Og det står gjerne nokre ord om sakn … Les meir R.I.P. – Riesling i parkett

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

 

VIN:

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

Fio er eit samarbeidsprosjekt mellom Dirk Niepoort – jepp, han frå portvinsfamilien – og den nye punken i Mosel, her representert ved Philipp Kettern, som mellom anna er involvert i Monkey Syndicate og The Dead Monkey frå Gipsy Wines. Druene blir manuelt hausta tidleg i bratte skråningar rundt Piesport i Mosel. Filosofien er minst mogleg innblanding i kjellaren, men utan å bry seg om sertifisering.

Les meir “Fio Rätzelhaft Mosel 2014”