Nysgjerrig på ny sherry

Dei fleste sherrybodegaene har vore i drift sidan seglskuter og hest var dei vanligaste transportmidla. Det har vore ein kamp for å overleve og dei har vore i krigen. Maurarane kosta over Gibraltarstredet i 711 og omskapte Andalucia, før resten av Iberia vart hærteke. Det kristne kongedømet i nord starta motstandskampen og sidan bølgja det att og fram i hundrevis av år. Engelskmenn var tørste … Continue reading Nysgjerrig på ny sherry

Wind Gap Trousseau Gris 2015

Polet seier rosévin, augene mine observerer gyllen oransje. Polet seier trousseau (synonym: merenzao) medan produsenten (og etiketten) seier at det er den kvite hybriden trousseau gris (innimellom omtalt som grey riesling i USA). Det skal ikkje vera enkelt…  Druesorten trousseau gris er uansett ikkje daglegdags – i California ser det ut til kun å vera hjå Fannuchi-Wood Road Vineyard i Russian Valley at drua har … Continue reading Wind Gap Trousseau Gris 2015

Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen, og ein annan har ved fleire høve prøvd å eta Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia, og den langsame mogninga er i tillegg er … Continue reading Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Knightor Classic Cuvée Brut

What’s all the fizz about? Etter første brexit då Storbritannia sa farvel til Frankrike for 450 000 år sidan, tok dei med seg geologien frå Champagne. Klimaendringane er i ferd å leggja til rette for perfekte temperaturar i Sør-England, og sjølvtilliten er stor nok til å yppe seg mot storebror i sør. Sjølv har eg hatt glede av Ridgeview Cavendish og rosa Fitzrovia, samt eit glas … Continue reading Knightor Classic Cuvée Brut

Ti år skilnad, ein kveld i lag: Borgogno Barolo

Vin med lang lagring har noko ved seg. Det er litt ekstra gjævt å opne mogne flasker som ein kanskje har lagra i eigen kjellar i årevis. Men gamle vinar vert ikkje alltid den store opplevinga ein drøymde om. Som ung og uerfaren vinkjøpar, handla eg nokre vinar som eg trudde skulle bli fantastiske etter 10-15 år. Dei fleste tålte ikkje tida, og det hadde … Continue reading Ti år skilnad, ein kveld i lag: Borgogno Barolo

Nobody puts baby in the kerner

Ta ei vekes pause frå italiensk vin og du risikerer i mellomtida at det er oppdaga tre nye druevariantar, pluss kommen ein ny DOC-status i bakhagen til onkel Luigi. Italia er kaotisk på mange  -både sjarmerande og mindre sjarmerande- måtar, men nokon gonger er det heldigvis handfaste haldepunkt. Vindrua kerner vart avla fram i eit drivhus i Lauffen i 1929, og er ei krysning av … Continue reading Nobody puts baby in the kerner

Lamoresca Mascalisi 2015

Sånn ikkje særleg presist midt mellom Palermo og Catania ligg vesle San Micheli di Ganzaria der Lamoresca har 10 økologiske hektar å dyrka oliven og vindruer på. Det sicilianske innlandsklimaet på 400 meters høgde har varme og tørre dagar, og kjølege netter. Økologisk drift, handplukka druer, tilsette som klappar husdyra med eit venleg ord, spontanfermentert på plastikktank(!), 4 veker på skalet, ufiltrert, minimalt med svovling, … Continue reading Lamoresca Mascalisi 2015

Vår: asparges og kvitt

Våren er over oss, og eg forsøker meg på kvit asparges med hollandaise, eller var det hin vegen? Er kvit asparges berre eit påskot for å lage seg ein feit og deilig saus? Det er vel litt for ekstravagant å lage seg hollandaise berre fordi ein har lyst på hollandaise. I allefall på vestlandet. Men kanskje andre stader i verda. Kanskje på austlandet. Kanskje i … Continue reading Vår: asparges og kvitt

Fusion collusion

30. april kom det tre vise lubne menn inn på gårdstunet på Askeland. Det var tid for redaksjonsmøte i Nattverden. Et redaksjonsmøte blant mat- og vinentusiaster inneholder selvsagt både mat og vin. Jan Tore serverte oss en deilig treretter der høydepunktene for meg var dumplings med curry og crêpes suzette. Hvis han ominnreder ekstrahuset sitt til en liten restaurant på tunet kommer i hvert fall jeg. … Continue reading Fusion collusion

Vind i håret, Windsbuhl

Når vi tenkjer på omgrepet terroir, er det kanskje det som er i og under jorda vi fyrst tenkjer på. Geologien, dei ulike tidsepokane som har størkna, avsett eller omforma massar til nye lag med granitt, basalt, kalkstein, skifer eller leire. Og korleis desse sjikta under det øverste topplaget kan påverke smak og struktur på den ferdige vinen. Dei lærde stridast om korleis Chablis kan smake østers, … Continue reading Vind i håret, Windsbuhl