Virtue in Wine?

I rekkja med musikarar som fattar interesse for vinlaging finn vi både Sting, Les Claypool, Wongraven og Lemmy, sjølv om sistnevnte nok var in it av marknadsføringsårsaker. Ein som har meldt seg på nyleg er Sondre Lerche, som har starta eit samarbeid med Non Dos og produsent Olivia Junyent hjå Castell d’Age i Catalonia. Etter kvart er det blitt ein cava, ein oransjevin, pluss – vinen vi skal smaka – ein garnacha som verkar å vera ein stad mellom raud og rosé.

Les meir “Virtue in Wine?”

Plastik fantastik

Når du står på polet, med ei flaske eller bag-in-boks i handa; tenkjer du nokon gong på korleis vinen kom til landet? Reiser han frå den sørlege halvkule, må han krysse ekvator på vegen nordover. Det betyr at riktig transport som ikkje utset vinen for stor temperaturauke, er viktig. Sjølv om mykje kjem ferdigtappa på flasker av glas, er ein stadig aukande del sendt i … Les meir Plastik fantastik

Luke 2: Ingen venta den spanske inkvisisjonen!

Spania sitt omdømme som vinland kviler på vaklevorne søyler. Raud Rioja og boblande Cava er godt fundamentert, medan den tredje, Sherry, synk stadig djupare ned i sanden. Alle dei tre vintypane er basert på eit system der i det i stor grad er store aktørar som produserer vinen og kjøper druer frå småbønder. Dei fleste vitale vindistrikt har ein dynamikk av småbønder som sel druene … Les meir Luke 2: Ingen venta den spanske inkvisisjonen!