Hexamer Schlossböckelheimer Porphyr Riesling 2017

Eg er svak for Nahe generelt og Hexamer spesielt. I Nahe – med namn frå elva som møter Rhinen, og eit litt oversett distrikt aust for Mosel, tett opptil Rheingau og Rheinhessen – får vinen sødme frå varme dagar og syre frå kalde netter – og alle produsentane har dritkule namn som Dönnhof, Kruger-Rumpf og Schäfer. Og Hexamer… Harald Hexamer har frå han overtok garden i 1999 blitt kjend for å laga eiswein og andre søte vinar med konsentrasjon i verdsklasse, og veldig gode tørre vinar i budsjettklassen.  No er det komen ein ny vin i sistnemnte kategori – kan han halda kvaliteten oppe med ein vin til under 150,-?

Les meir “Hexamer Schlossböckelheimer Porphyr Riesling 2017”

Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016

«Selv om det er rustikt, skal det være pent», sa Morten med restaurantsjef-røyst. Eg var henta inn som kokkeslask på choucroute-middag – han hadde spotta ein oversett potetskalflekk etter skrellinga, og gav meg ei påminning om at også det enkle skal gjerast ordentleg. Etter to dagar med sol og temperaturar over 10 grader går eg sjølv inn i ei årstid der eg søkjer det enkle … Les meir Hexamer Rheingrafenberg Riesling Spätlese trocken 2016