Familiebedrift frå 1996 med ein fot som vin-pionerar for det moderne California, og ein fot i fransk tradisjon. David Ramey har fått tilnamnet «Professor Chardonnay», meistrar han også raude druer?
Om nokon ber deg ramsa opp dei store vinlanda i Europa er Romania neppe høgt på lista. Likevel har dei største vindruedyrkearealet i Aust-Europa og snuser på ditto femteplass for heile Europa. I riktig gamle dagar var søte Cotnari meir omtykt enn Tokaji og dei kan i tillegg skryta på seg ei vindrikkande befolkning – få prosent av produksjonen forlèt landet. Elles er nyare vinhistorie det vanlege: hardt råka av phylloxera på slutten av 1800-talet, gjenplanting av populistiske drueslag i staden for dei tradisjonelle.