Årets vinar 2023!

“Karar*, vi skulle ikkje skrive ein slik oppsumeringsartikkel med årets beste, verste, raraste etc?” skreiv Håvard. “Gøy. Jeg er med”, sa Nils Johan. “Kva med personlege kategoriar?” skreiv Jan Tore. Ja, om lag slik byrja det. Og slik blei det. Her er nokre av Nattverden-skribentane sine høgdepunkt frå året som snart er forbi. Relativt personleg og utan haldepunkt i 100-poengskala eller rangering. Slik kan livet … Les meir Årets vinar 2023!

Årets beste i 2020

Håvard sine favorittar Når eg blar igjennom notatboka, finn eg mange gode vinopplevingar i år òg. Nokre av flaskene var tenkt å vere med til Bergen for å verte delte med nokre utvalde vinfolk. Andre flasker står enno uopna til det vert litt tryggare å igjen vitje storbyen i sørfylket. Eg går nok ikkje like langt unna allfarveg når det gjeld å oppsøke nye vinar, … Les meir Årets beste i 2020

Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Sidan 1750 har slekta dyrka druer i rundt Langenlois, eit kvarters biltur nord for Donau i Kamptal, Austerrike. I dag er det to generasjonar Rabl som deler ansvaret på garden mellom seg – medan Rudolf sr. er ute i dalsidene, har Rudolf jr. kontroll i kjellaren. Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017 Parfymert blomsterduft, nyslått gras, våt stein, grøne druer(!), gule eple, noko ørlite tropisk langt … Les meir Rabl Langenlois Grüner Veltliner 2017

Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015

Kjære Dr. Nattverden. Hva er dette pet nat som de skjeggete, engirssykkelsyklende vennene mine snakker om? Fint spørsmål. Pet nat (pétillant-naturel) er ein musserande (eller kanskje meir presist  perlande) vin. Måten vinane blir laga på blir også kalla for méthode ancestral , rurale eller artisanale, og er den desidert eldste metoden for å få bobler i vinen ein kjenner til – eldste dokumenterte produksjon er … Les meir Hoch Peter & Paul Pet Nat Bio 2015