Dom. Navarre d’Oeillades 2018

Stakkars Oeillade Noire har vore (u)kjend i snart 500 år, og står neppe framfor noko stort gjennombrot i nær framtid. Ei gamal drue frå Provence som har eit omstridt slektskap til Cinsaut, enn så lenge. Lettmodna og produktiv plante som må haldast aktivt i sjakk med nedskjering  for å ikkje overdriva drueveksten, og som trivst på høgare markar som ikkje høver for Cinsaut. I tillegg er Oeillade ei drue som har klart å levera vin med relativt lavt alkoholnivå trass aukande temperaturar i sør-Frankrike.   

Les meir «Dom. Navarre d’Oeillades 2018»

Tour de France 2019 – 16. etappe – Roussanne, girl!

Dagens etappe går frå Nimes, ein runde på 177 km, og tilbake til Nimes. Det er ein flat etappe og dei spurtsterke og grøntrøye-kjemparane vil nok gjere opp seg imellom. Dersom ikkje eit brudd skulle lukkast i å nå heilt inn. Etter 23,5 km syklar feltet over UNESCO verdsarv-brua Pont du Gard, og det kan jo vere at ein og anna ryttar har tenkt å … Les meir Tour de France 2019 – 16. etappe – Roussanne, girl!

Jalliet Clos Espinous 2015

Carignan. Varmekjær og likevel seint moden, utsatt for sjukdom, utskjelt for å fylla opp «vinsjøen» i Europa med si enorme avkastning, og stadig hovuddrue i Languedoc. No er ein ny generasjon bønder på veg inn med nye ideal – her er det lav avkastning, spontanfermentering, ingen svovling, økologisk sertifisering og 80 år gamle drueplantar. Jalliet Clos Espinous 2015 Carignan 50%, Grenache 25%, Syrah 25% Sursøt … Les meir Jalliet Clos Espinous 2015