Serol Turbullent NV

Åtvaring: På ein sluddfylt dag hjelper rosa posør-bobler frå Roanne berre litt på sumarlengselen… Knapt halvannan time frå meir berømte Beaujolais lagar dei også vin av gamay, men får på langt nær same merksemd. Côte Roannaise i Loire fekk AOC så seint som i 1994. Eit område på veg opp, sjølv om 90 prosent av produksjonen går til heimemarknaden. Vinen vi skal sjå på er … Les meir Serol Turbullent NV

Jo Landron le Fief du Breil 2013

VIN:

Rundt Nantes i Loire, i skuggen av meir kjende Sancerre og Pouilly-Fumé skjer det ting som fortener meir merksemd. Muscadet-vinen (namnet kjem antakeleg frå det parfymerte muskpreget frå druene) er laga kun av melon de Bourgogne – namnet røper at drua opprinneleg er frå Burgund, der ho på 1700-talet vart bestemt fjerna. Drua er kulderesistent og har høg avkasting, men er utsett for mange plantesjukdomar. Ei nøytral drue som tradisjonelt har fått hjelp av lagring på bunnfallet for å få meir kompleks smak – og som no opplever ein ny generasjon med nye produsentar, fokusert på kvalitet og særpreg frå vekststaden.

Les meir «Jo Landron le Fief du Breil 2013»