de Bois are back in town

Frå ein av dei eldste vingardane i Anjou – med klosteraner attende til 1219 – kjem den biodynamiske duoen Géraldine and Xavier Cailleau med ei ikkje akkurat daglegdags drue. Pineau d’Aunis var visstnok ein favoritt hjå Henrik III av England, og med sin lyse farge den opphavlege Claret-en før Bordeaux tok hevd på namnet. Synonymet Chenin Noir har med drue-CSI synt seg å vera eit blindspor, ditto det påståtte slekskapet til Pinot Noir. Ei jordsmonnkresen og vanskeleg drue  som vart i hovudsak skifta ut med Cabernet Franc etter phylloxera, men som framleis har asyl eit par stader i Loire.

Les meir “de Bois are back in town”

Slava Ukrajini II

Då eg sist skreiv om ukrainsk vin håpte eg nokon etter kvart ville importera den stadeigne drua Telti-Kuruk, og no ser det ut til at eg er bønnhøyrd. Midt mellom Odesa og Mykolaiv – ved Svartehavet, og berre to kilometer frå okkupert område, ligg Beykush Winery som lagar eindruevinar frå både eksotiske og meir populistiske drueslag… Nokre kjelder tyder på at dei også har fått ut 2023-årgangen, andre at dei har måtta evakuera. Vi vonar uansett at dei er trygge.

Les meir “Slava Ukrajini II”

All That Jas

Om eg berre skulle følgd éin vinrelatert Instagramkonto, så ville det noko vore Jasmine Swan. Frå ho forlét Dill i Reykjavik for å laga vin i Mosel og etter kvart Rheinhessen, har ho delt ikkje berre oppturar, men også katastrofar. Her har vi fått vore med på råtne vinkjellarar til leige, nedlatande vingubbar, gnagarar litt for tett på kjellarleiligheten, reine løgner: “I’ll never make petnat again”, og lettelse: ” at least this year the tank didnt fall over…” Ho har laga små, informative snuttar om alt frå filtrering til brett til kva-kostar-ei-flaske-vin-å-produsere, samt eit sideprosjekt med Katla kondomer(!).

Les meir “All That Jas”

Joyce of life

«Two gallons is a great deal of wine, even for two paisanos. Spiritually the jugs maybe graduated thus: Just below the shoulder of the first bottle, serious and concentrated conversation. Two inches farther down, sweetly sad memory. Three inches more, thoughts of old and satisfactory loves. An inch, thoughts of bitter loves. Bottom of the first jug, general and undirected sadness. Shoulder of the second jug, black, unholy despondency. Two fingers down, a song of death or longing. A thumb, every other song each one knows. The graduations stop here, for the trail splits and there is no certainty. From this point anything can happen.»

Les meir “Joyce of life”

Bogdan Riesling Italico 2015

Riesling Italico, Welschriesling, Laški Rizling, Olasz Riesling, eller Ryzlink om du vil… Ei kvit vindrue som ikkje har noko med det vi kjenner som riesling å gjere. Ei utskjelt drue som kommunist-jugoslavia pøste ut på marknaden i nær udrikkelege industrielle vinar. Ikkje rart at tyskarane vart sure – enkelte hevdar at namnelikskapen har vore medskuldig i det dårlege ryktet «vanleg» riesling i periodar har hatt. Welschriesling – … Les meir Bogdan Riesling Italico 2015