40 dagar med fisk

Det er nok ikkje alle som kjenner på at det å praktisere faste er det dei har mest lyst til no. Byar og bygder er meir eller mindre stengd ned, med stengde restaurantar, butikkar, treningssenter og kulturtilbod. Det vi har att, er i stor grad å forsøke å kose oss i heimen med det vi måtte klare å koke sjølv. *googlar Beef Wellington* Fasten er … Les meir 40 dagar med fisk

Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016

P1050137

For elleve år sidan – før eg visste eg var vininteressert – endte eg tre netter hjå Solar de Serrade i nordportugal. Eg var relativt indifferent til det som skjedde rundt meg sjølv om det var midt i druehausten, og var meir opptatt av å leika med den halvblinde gardshunden enn å vurdera korleis ulik bruk av gjær prega vin, noko som vingarden har utforska grundig. Om ikkje anna var det her eg la frå meg vørdnaden for vinprodusentar og innsåg at dei berre er gardbrukarar som får kjeft hjå tantene når dei går innomhus med støvlar.

Les meir “Solar de Serrade Alvarinho Vinho Verde 2016”