Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

At Luxemburg har føresetnader for å laga vin burde ikkje overraska nokon – i aust kan ein sjå over elva rett til tyske vinmarkar i Mosel. Ved breidda etablerte Jean Bernard-Massard seg i 1921 – i dag produserer dei 4 millionar flasker i året. Ecusson-serien var meint å vera eit eingongsprosjekt til 50-årsjubileumet for vingarden i 1971. Responsen var imidlertid så positiv at vinen framleis … Les meir Bernard-Massard Cuvée de L´Ecusson Brut

Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013

Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013 Immich-Batterieberg er mellom dei eldste vingardane i Mosel, med familiehistorie attende til 1425. Ekstremt bratte og kvartsrike vinmarker er opparbeida med handkraft og store mengder dynamitt. Veldig riesling rett frå nyopna flaske. Svovel, våt stein, ubestemmeleg moden frukt. Lufter fort av til fordel for honning, gule eple og tropisk nektar. Delikat snute med meir og meir tropisk preg.   Ørlite badeball bakom, … Les meir Immich-Batterieberg Riesling C.A.I. 2013

Forstmeister Geltz-Zilliken Saarburger Riesling Feinherb 2014

Forstmeister Geltz-Zilliken Saarburger Riesling Feinherb 2014 Fersken, honning, lime, litt flint, veldig umiddelbar rett frå nyopna flaske, behageleg duft. Innestengt smak, mest syre i starten, spiss sitron – ikkje mykje feinherb her, gitt. Etter ein times strafferunde på karaffel byrjar ting å skje, juicy og leskande anslag med lime, friskt og fruktig midtparti med behageleg honningsødme, lang lime-syrleg avslutning. Smatter på tropiske smakar leeeenge mellom … Les meir Forstmeister Geltz-Zilliken Saarburger Riesling Feinherb 2014

Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

I ei nær loddrett vinmark i Mosel har Olav Schneider litt riesling – faktisk så lite at det blir produsert under 1000 flasker av denne vinen. Likevel har han haldt prisen nede – kosta 215,- ved innkjøp. Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015   Svært lys farge. Flint, våt stein og badeball på snuten frå nyopna flaske. Opnar seg fort med litt karaffeltid. Honning, granny … Les meir Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

PETER LAUER AYLER RIESLING FASS 25 2015

PETER LAUER AYLER RIESLING FASS 25 2015 Got a secret Can you keep it? Swear this one you’ll save Better lock it in your pocket Taking this one to the grave Når a-menneska hadde vore på rieslingslepp på Valkendorf og plukka med seg Keller, Mosbacher og dei andre produsentane pressa skriv om, har det vore heilt greitt å entra lokalet litt seinare på dagen og … Les meir PETER LAUER AYLER RIESLING FASS 25 2015

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

 

VIN:

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

Fio er eit samarbeidsprosjekt mellom Dirk Niepoort – jepp, han frå portvinsfamilien – og den nye punken i Mosel, her representert ved Philipp Kettern, som mellom anna er involvert i Monkey Syndicate og The Dead Monkey frå Gipsy Wines. Druene blir manuelt hausta tidleg i bratte skråningar rundt Piesport i Mosel. Filosofien er minst mogleg innblanding i kjellaren, men utan å bry seg om sertifisering.

Les meir «Fio Rätzelhaft Mosel 2014»