Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015 Eksentrisk antipode-vin med uvanleg drueblanding frå ein uvanleg vinbonde som heller ville studera botanikk enn tradisjonell vinmaking. Målet er minst mogleg innblanding i prosessane fram til det ferdige produktet. Han brukar heile drueklasar, vinen har spontanfermentert, er ufiltrert og det er gjort minimalt med svovling. «For me, winemaking is simple,» explains Patrick, «you put the grapes into a … Continue reading Patrick Sullivan Jumpin Juice Half Full 2015

Dom. Lucci Vino Rosso 2015

-You’ve got to ask yourself one question: ‘Do I feel Lucci?’….Well? Do ya, punk? Frå chef i Ritz Carlton-konsernet til sommelier til læretid som vin-nomade i halve verda til han endeleg endte opp i Adelaide Hills med eigen produksjon i 2002… Sjølv i naturvinkrinsar blir Anton von Klopper sett på som eksentrisk – her er det full biodynamisk pakke – nedgravde kuhorn med gjødsel frå … Continue reading Dom. Lucci Vino Rosso 2015

Vin & vinyl

Patrick Sullivan Bonkers

Antipodane gjer ting annleis. Eg mistenkjer at der franskmenn og italienarar er bundne av tradisjonar og forventning, kan ein i Australia staka ut eigne vegar på ein annan måte. Som til dømes å laga vinar der ein blandar raude og kvite druer.

«For me, winemaking is simple,” explains Patrick, “you put the grapes into a fermenter, check to see if they smell OK, and if they do, then they’re probably fine… it’s all sensory.»  (thewineidealist.com)

Continue reading «Vin & vinyl»

Tripe Advisor – Roma

Pasta, pizza, tripe, tiramisu. I ei verd der sjølv setninga «Det er vanskeleg å skriva om Roma utan å ty til klisjear» er ein klisje, er dette ei krevjande øving. Roma er hektisk, Roma gjer meg glad for alle timane med Asterix, Roma er intenst vedunderleg.

Nattverden gjev deg 7 nyleg sjølvopplevde stader med mat og/eller vin, som ikkje tømmer lommeboka di. Med unntak for den siste på lista som tømmer lommeboka di…

Continue reading «Tripe Advisor – Roma»

Gauby Vieilles Vignes Rouge 2011

VIN:

Gauby Vieilles Vignes Rouge 2011

Gérard Gauby køyrer eit biodynamisk regime med spontangjæring og minst mogleg påverknad etter at druene er hausta; vinen skal smaka av staden han vart dyrka – ryktet seier at dersom det blir funne nytteinsekt i live i innhaustinga, så blir dei frakta ut igjen omtrent til staden dei vart funne…

Continue reading «Gauby Vieilles Vignes Rouge 2011»

Vino di Anna Rosso 2011

Vin:

Vino di Anna Rosso 2011

Verdsvin frå Sicilia. Fruen er ønologistudent frå Australia, ektemaken er franskmann med jobb-base i London og står bak vinbaren Terroirs. Saman har dei laga vin på nordsida av Etna sidan 2010. Vinen er økologisk med villgjær, ufiltrert, utan tilsetningsstoff. I henhold til Ove Svendsens reglar for «Hvordan gjenkjenne en naturvinprodusent», tar eg det for gitt at borna deira har designa etiketten.

Continue reading «Vino di Anna Rosso 2011»