På oljeberget
Det stundar mot Kristi Himmelferdsdag og – sjølv om det er lite dokumentert utanom Evangeliet etter Lukas – markeringa til minne om at Kristus vart teken vekk frå jorda.
Les meir «På oljeberget»Det stundar mot Kristi Himmelferdsdag og – sjølv om det er lite dokumentert utanom Evangeliet etter Lukas – markeringa til minne om at Kristus vart teken vekk frå jorda.
Les meir «På oljeberget»Medan situasjonen i Barcelona er ganske messi, så er det antakeleg meir givande å vitja andre stader i Catalonia…
Sumoll – stadeigen katalansk drue (med avleggjarar på Kanariøyene og i Andalucia) som er nær utrydda, først av phylloxera, så av meir populistiske drueslag. Handplukka frå 70 år gamle stokkar, økologiske prinsipp.
Les meir «Pardas Collita Roja 2014»Rouchet, Ruchè eller Rouché – om ikkje det kjæraste bornet med mange namn i Piemonte – så har i det minste drua gått frå attgløymd plante til eigen DOC. Med berre 50 hektar Ruchè i verda blir det eksklusiv vin – men blir det god vin?
Les meir «Scarpa Rouchet Briccorosa 2011»Ucodalen er i ferd med å få eit godt rykte som indrefileten i Mendoza. Ved foten av Andesfjella ligg markane over 1000 m.o.h, noko som gjev langsamare mogning og legg til rette – i alle fall i teorien – for meir sofistikerte druer med betre balanse mellom syre og sukker. Argentinsk biffvin med Malbec har fått ei finare adresse i Uco – men vi veit liksom at det er bra. Då er det meir spanande korleis budsjettbobler i ein slags bogus Champagneblend frå dalen vil hevda seg.
Les meir «Santa Julia Brut»At Marokko har ein lang vintradisjon burde knapt vera ei overrasking med tanke på at dei har vore under både romersk og fransk herredømme gjennom historia. Etter lausrivinga frå Frankrike i 1956 svann produksjonen, men Kong Hassan II – utdanna ved universitetet i Bordeaux – fekk entusiasmen tilbake, og Marokko tapper i dag meir enn 40 millionar flasker i året. Ved foten av Atlasfjella ligg … Les meir Domaine de Sahari Guerrouane 2016