![](https://i0.wp.com/www.nattverden.com/wp-content/uploads/2021/02/P1200622-scaled.jpg?resize=870%2C773)
Je Suis Ton Père
Eg er far din… Anten du er drue eller jediriddar, så kjem vi alle frå ein stad. Luke Skywalker i Star Wars oppdaga på dramatisk vis – i ei scene som antakeleg ville blitt klipt bort frå Tore på Sporet – opphavet sitt, medan Matthieu Barret fermenterer fortida. I Cornas har han ein liten parsell med dureza – «pappaen» til syrah – meir skulle det ikkje til for å laga seg fjollete ordspel og ein Darth Vader-variant av den etter kvart så kjende teddybjørn-etiketten.
Les meir «Je Suis Ton Père»