Leitz Dance

Sjølv om dei i hovudsak berre er transittlager for BU-bestillingane mine, så er eg ordentleg glad i lokalpolet mitt som heldt ut mine gretne årgangsreturar og endelause besøk når eg er vinøst selskapssjuk. Dei tar til og med inn ein del av tinga eg anbefaler (I praksis kjøper eg dei flaskene også, for å gjera det mindre pinleg for alle partar.). No tyder ting på at eg har undervurdert dei  – utanfor radaren min har dei tatt inn Berg Kaisersteinfels 2011 til butikken – og audmjukande nok måtte det ein bergensar til for å gjera meg merksam på det.

Les meir “Leitz Dance”

Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen, og ein annan har ved fleire høve prøvd å eta Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia, og den langsame mogninga er i tillegg er … Les meir Josef Chromy Non Vintage Tasmanian Sparkling Cuvee

Ormarine Picpoul de Pinet 2016

Ormarine Picpoul de Pinet 2016 Ny dag, ny drue… Picpoul er ei av dei gamle druene i Languedoc og har eit høgt syreinnhald – piquepoul betyr leppesvie – så sitronpreg er forventa… Pære og stein – blindt hadde eg antakeleg blitt cocky og gått til nordportugal og sagt alvarinho – kvite blomster og sitrus med litt tid i glaset. Fyldig anslag, floral, litt lubbent midtparti … Les meir Ormarine Picpoul de Pinet 2016