Santa Julia Brut

Ucodalen er i ferd med å få eit godt rykte som indrefileten i Mendoza. Ved foten av Andesfjella ligg markane over  1000 m.o.h, noko som gjev langsamare mogning og legg til rette – i alle fall i teorien – for meir sofistikerte druer med betre balanse mellom syre og sukker. Argentinsk biffvin med Malbec har fått ei finare adresse i Uco – men vi veit liksom at det er bra. Då er det meir spanande korleis budsjettbobler i ein slags bogus Champagneblend frå dalen vil hevda seg.

Les meir “Santa Julia Brut”

Clover Hill Tasmanian Cuvèe

Det vesle eg veit om antipodane i Tasmania er at ei av dei gifta seg med den danske kronprinsen og ein annan har ved fleire høve prøvd å ete Snurre Sprett. Dette har likevel ikkje hindra den australske delstaten å ha ein vinindustri som nyttar eit kjøligare klima til å laga ein annan stil enn …øh… fastlandsaustralia. Snur ein globusen på hovudet så havnar Clover Hill sånn omtrent ved Madrid, men Tasmania får kald vind frå omtrent alle kantar, noko som gjer at druene mognar langsomt (om i det heile).

Les meir “Clover Hill Tasmanian Cuvèe”

Domaine de Sahari Guerrouane 2016

At Marokko har ein lang vintradisjon burde knapt vera ei overrasking med tanke på at dei har vore under både romersk og fransk herredømme gjennom historia. Etter lausrivinga frå Frankrike i 1956 svann produksjonen, men Kong Hassan II – utdanna ved universitetet i Bordeaux – fekk entusiasmen tilbake, og Marokko tapper i dag meir enn 40 millionar flasker i året. Ved foten av Atlasfjella ligg … Les meir Domaine de Sahari Guerrouane 2016