Tripe Advisor – Roma

Pasta, pizza, tripe, tiramisu. I ei verd der sjølv setninga «Det er vanskeleg å skriva om Roma utan å ty til klisjear» er ein klisje, er dette ei krevjande øving. Roma er hektisk, Roma gjer meg glad for alle timane med Asterix, Roma er intenst vedunderleg.

Nattverden gjev deg 7 nyleg sjølvopplevde stader med mat og/eller vin, som ikkje tømmer lommeboka di. Med unntak for den siste på lista som tømmer lommeboka di…

Les meir «Tripe Advisor – Roma»

(Frå arkivet) Michelin på minibudsjett

One Dim Sum
No.15 Playing Field Road, Kowloon
Hong Kong
(Vitja i oktober 2014)

Førestill deg ein restaurant i Michelinguiden  der bordbestillinga består i at du sit deg på ein krakk utanfor restauranten og ei søt jente kjem ut med ein handskriven kølapp til deg, der det er forventa at du har med eigne serviettar, der drikkemenyen er to typar te (og ho som heller i gjerne veltar koppen i fanget på deg), og som lar deg sjølv velta stappmett ut med eit smil etter ein intens time. For under 100 kroner kan ein oppleva dette på One Dim Sum.

Les meir «(Frå arkivet) Michelin på minibudsjett»