Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

I ei nær loddrett vinmark i Mosel har Olav Schneider litt riesling – faktisk så lite at det blir produsert under 1000 flasker av denne vinen. Likevel har han haldt prisen nede – kosta 215,- ved innkjøp. Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015   Svært lys farge. Flint, våt stein og badeball på snuten frå nyopna flaske. Opnar seg fort med litt karaffeltid. Honning, granny … Continue reading Weingut O. Ungsberg Riesling Kabinett 2015  

Kabinettspørsmål #1

«Kabinettsspørsmål er et pressmiddel en regjering kan bruke overfor nasjonalforsamlingen i et parlamentarisk system for å få en sak vedtatt. Når en regjering eller et regjeringsmedlem truer med å forlate sin stilling om ikke det nødvendige flertall stemmer for, stiller de kabinettsspørsmål. I Norge har kabinettsspørsmål blitt brukt en rekke ganger. Både regjeringen til Kåre Willoch i 1986 og til Kjell Magne Bondevik i 2000 gikk av som følge … Continue reading Kabinettspørsmål #1

Mosbacher Riesling Sekt Brut 2014

Norsk vinpresse sin kjæledegge i Pfalz, Mosbacher, har dei siste åra levert godt prisa kvalitet både til spesialsleppa, bestillingsutvalet og basis hjå Vinmonopolet. Og no er det sanneleg snikt seg ein musserande inn i BU også.   Kraftige bobler. Fruktig, sitron, druer, Granny Smith, stikkelsbær, litt flint, ureint gjærpreg rusker litt, men forsvinn etter nokre minutt lufting. Med tid i glaset kjem det fine toner … Continue reading Mosbacher Riesling Sekt Brut 2014

Vin & vinyl

 

WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015

Ein prisgunstig gjengangar på rieslingslepp – det ligg ein del flasker igjen frå tidlegare årgangar på spesialpola. Ungsberg er ein topp og ei nær loddrett vinmark i utkanten av Traben-Trarbach i Mosel med utsikt til ein populær badestad. Med atterhald om avgrensa tyskkunnskap ser det ut til at elektrikaren Olaf Schneider fekk 0.2 hektar eigedom gratis i 2005, noko som etter kvart sakte har blitt utvida, men framleis er ein liten vingard.

Continue reading «Vin & vinyl»

Funky squaredance, eller: ein slave av saccharomyces

Pinot Noir er kanskje den fremste formidlar av vekststaden. Terroiret. Eit medium for ein liten geografisk flekk der det er spanande og særeigne trekk som gjennom gjæring av juicen vert openberra for dei med opne sansar og ope sinn. Men kva er terrior? Jordsmonn, soleksponering, høgd over havet, hellingsvinkel, lokal gjærsopp og den menneskelege faktor. Ja til alt. Men dette kan jo finnast på alle … Continue reading Funky squaredance, eller: ein slave av saccharomyces

Familiekrøller og tørr vin

Den 28. september i 2016 gjesta Ernst Loosen Litteraturhuset i Bergen. Ute var det ti grader. Luftfuktigheita vaka som vanlig rett under 100%. Litt nedbør på morgonkvisten, medan bussen med underteikna seig sørover frå Sunnfjord og mot Bjørgvin. Vel framme og inne på Colonialen var det tørt. Både i lokalet og i glaset. Ærlige Ernst hadde teke med seg den tørre porteføljen. Alle som har … Continue reading Familiekrøller og tørr vin

Vin & vinyl

 

VIN:

Fio Rätzelhaft Mosel 2014

Fio er eit samarbeidsprosjekt mellom Dirk Niepoort – jepp, han frå portvinsfamilien – og den nye punken i Mosel, her representert ved Philipp Kettern, som mellom anna er involvert i Monkey Syndicate og The Dead Monkey frå Gipsy Wines. Druene blir manuelt hausta tidleg i bratte skråningar rundt Piesport i Mosel. Filosofien er minst mogleg innblanding i kjellaren, men utan å bry seg om sertifisering.

Continue reading «Vin & vinyl»