Hvem har den beste Rioja’en? Erna vs Trygve

Lokalvalget handler om de lokale sakene og de lokale politikerne, de som fikk utfolde seg i vårt forrige vinvalginnlegg. Men det er ikke til å unngå å legge merke til at partilederne stadig stikker hodet frem, Jonas og Olaug og hva de heter oppad stolper og nedad vegger. Hovedstrømsmediene elsker å la dem bable om alt mulig som er mer eller (helst) mindre relevant for … Les meir Hvem har den beste Rioja’en? Erna vs Trygve

Smak(laus)

Roald Dahl er her heime best kjend som barnebokforfattar. Men han skreiv også romanar og noveller for vaksne. Novella Taste vart fyrste gong publisert i det amerikanske damebladet Ladies’ Home Journal i 1945, før ho kom ut i novellesamlinga Someone like you i 1953 (på norsk Et hode kortere og andre hårreisende historier). Novella handlar om ei blindsmaking i eit hyggjeleg middagsselskap, som etter kvart … Les meir Smak(laus)

Bleik bastard

Trousseau/merenzao/maturana tinta/maría ordoña/verdejo negro/bastardo, grøderike og uekte barn får mange namn. Drua kjem frå Jura i Frankrike, og analyser av arvestoffet viser at savagnin er mora. Men kven er faren? Han stakk av utan å leggje att namn og nummer.. Ja, det er nok ein bastard, dette. Uansett er sorten sett i skuggen av sine meir kjende søsken. Dei går under namna sauvignon blanc og … Les meir Bleik bastard

Viña Tondonia Gran Reserva Rosado 2008

Det er ikkje til å koma i frå at vininteresse innimellom handlar vel så mykje om eksistensielle kriser som glede. Pågangsmot tar deg langt, men på eit eller anna tidspunkt innser du at du veit nok til å forstå at du veit ingenting – at fjellet du trudde du klatra var ein liten haug som løynde eit Himalaya-massiv av ukjende druer, distrikt og teknikkar. Blindsmakingar der du pin-pointer ein vin frå Campania før du – høg på deg sjølv – bommar med to kontinent ved neste glas…

Les meir “Viña Tondonia Gran Reserva Rosado 2008”

Sjarmerande sjarlatan

“Kan du nemne fem vinmarker i Rioja? Nei? Ok, kva med fem landsbyar?” Spørsmålet kjem frå ein spanjol med snakketøyet i orden. Sjølv om spørsmålet nok ikkje var meint retorisk, så blir det slik, når korkje eg eller andre rundt meg kjem opp med noko svar. Heldigvis er dei andre som står og myser utover Douro-dalen denne fine morgonen i april, både meir meritterte og … Les meir Sjarmerande sjarlatan