Mine Store Fete Greske Bobler

2023 vart liksom året då retsinavitsinga forsvann, og  gresk vin blei mainstream hjå tilfeldige konsumentar fortare enn du kunne sei Thymiopoulos Xinomavro. Entusiastane hadde allereie hamstra Assyrtiko frå Santorino, medan dei eventyrlystne utforska Moschofilero, Liatiko, Kontoura, Roditis, Malagousia og Plyto. Eg har smakt mykje vin frå Hellas etter kvart – både kvit og raud, men lyt medgje at manglande kunnskap om gresk musserande og gresk mytologi er mitt akilleskne – her må boblene testast!

Les meir “Mine Store Fete Greske Bobler”

Viúva Gomes Reserva Tinto 1934

Sand har vore ei velsigning og ein forbannelse for vindyrking i Colares, vest for Lisboa. Vinlusa – phylloxera – hatar sand, og dette gjorde at området kom uskadd frå raseringa av vinplantar i Europa på slutten av 1800-talet. På den andre sida har sand ein tendens å trekkja til seg den andre naturlege fienden til vinmakarar – eigedomsmeklaren –  noko som har gått hardt ut over areala det blir dyrka druer på. For tida er det berre 6 produsentar igjen i Colares DOCen.

Les meir “Viúva Gomes Reserva Tinto 1934”

WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015

 

WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015

Ein prisgunstig gjengangar på rieslingslepp – det ligg ein del flasker igjen frå tidlegare årgangar på spesialpola. Ungsberg er ein topp og ei nær loddrett vinmark i utkanten av Traben-Trarbach i Mosel med utsikt til ein populær badestad. Med atterhald om avgrensa tyskkunnskap ser det ut til at elektrikaren Olaf Schneider fekk 0.2 hektar eigedom gratis i 2005, noko som etter kvart sakte har blitt utvida, men framleis er ein liten vingard.

Les meir “WEINGUT O. BIKINIBLICK RIESLING 2015”