Aktuell tørr furmint

Den tørre oppstarten Seriøs tørr furmint har no vore laga i Tokaj-Hegyalja sidan Oremus lanserte Mandolas Furmint fyrste gong i 1997. I 2000 skapte Istvan Szepsy vinen Úrágya Furmint frå vinhuset Kiralyudvar, og sidan har han vore hekta. Tørr furmint er altså ein ny vintype. Tørr, delvis oksidert og flor-lagra szamorodni har vore laga i lang tid, men dette har vore meir av eit restprodukt … Les meir Aktuell tørr furmint

Den internasjonale Aszú-dagen 2019

Den 10. desember er det altså duka for tredje året med ei markering av den internasjonale Aszú-dagen. Vin frå Tokaj har vore verdskjend og verdsett i mange hundre år. I dag må det meir til enn entusiastiske sunnfjordske bloggarar og god kvalitet for å nå gjennom veggen av informasjon og tilbod om god vin. Om denne dagen vert redninga gjenstår å sjå. Utfordringa for Tokaj, … Les meir Den internasjonale Aszú-dagen 2019

Terroir? Boda Furmint 2008

Dersom eit tre fell i skogen og ingen er der og høyrer det; lagar det då lyd? Dette filosofiske underlaget kan vi ha om skal omtale vinar frå nye område, eller nygamle og gamalnye vinstilar frå den gamle verda. Har ein vin eit særpreg, eller terroir, om det ikkje finst ei viss mengde menneske som stadig smakar, vurderer og samtalar om vin frå det aktuelle … Les meir Terroir? Boda Furmint 2008

Luke 10: Årets aszú

I dag er det den internasjonale Aszú-dagen! Det er andre året at denne gylne vinen frå aust vert markert, så eg spår ei søt og rolig feiring rundt om i verda. Den vesle byen Tokaj i det nordaustlege hjørnet av Ungarn har gitt namn til vinen frå vinmarker i ly av Zemplén-fjella. Området er fullt av gamle vulkanar, så mange av vinmarkene har rikeleg med … Les meir Luke 10: Årets aszú

Furmint Februar: Garamvári Tokaji Furmint Brut 2013

PEZSGŐ! Ungarsk musserande vin på champagne-metoden. Og naturlegvis på furmint. Februar går mot slutten,  men ungararane sine krumspring med furmint er enno ikkje over. Det er ikkje lett å selje Aszú. Ikkje eingong legendarisk vin kan vere levebrød. Iallefall ikkje for alle. Kva drikk folk? Tørr kvitvin og musserande. Riesling og Prosecco. En masse. “All you need is love!”, syng Ewan McGregor i filmen Moulin Rouge. … Les meir Furmint Februar: Garamvári Tokaji Furmint Brut 2013

Furmint Februar: Hétszölö Tokaji Aszú 6 Puttonyos 1997

Søtt! Det har vore furmint sitt primæruttrykk i over 200 år. Sjølv om det truleg var druesortane fehérszölö og gohér som la grunnlaget for Tokaj-vinen sin popularitet allereie på 1500-talet, er det furmint som i dag, og etter år 1800 har vore hovuddrua i Tokaj. Kvifor? Fordi den har tjukt skal, som ikkje revnar før seint på hausten når soppen botrytis cinerea set seg på … Les meir Furmint Februar: Hétszölö Tokaji Aszú 6 Puttonyos 1997

Furmint Februar: Szepsy Tokaji Furmint 2009

Sjølv om tørr furmint på smak og struktur har meir til felles med chenin blanc frå Loire eller ein sentralburgunder, er det kanskje situasjonen på Etna som er den beste referansen til korleis det står til med furmint i Tokaj. Etter andre verdskrig, var det lite kommersiell vinproduksjon på Etna. Bratte og steinete vinmarker var ikkje egna til effektiv maskinell drift. Traktorar kom knapt til. … Les meir Furmint Februar: Szepsy Tokaji Furmint 2009

Furmint februar: Oremus Mandolás Tokaji Dry 2015

I 2010 starta Furmint Február, ei vinmesse i Budapest der fokuset var vin på druesorten furmint. Mesteparten var frå Ungarn, ettersom det er her det finst mest furmint. Men også produsentar frå Austerrike, Slovakia og Slovenia har delteke. Sidan den spede starten har mengden tørr furmint frå Tokaj auka, og kvaliteten blitt betre. Men det har også vore ein god del vin frå Somlo, Balaton … Les meir Furmint februar: Oremus Mandolás Tokaji Dry 2015

Mád Tokaji Furmint 2015

Få stader er så forbunde med ein type vin som Tokaji, aust i Ungarn. For István Szepsy er det likevel ikkje nok å laga magisk dessertvin av druene. I Mád vil han også syna kva den regionale druesorten furmint kan by på i tørr variant utan edelråte. Furmint har overlevd trass dårleg behandling under kommunistungarn. Aukande etterspurnad for tørr vin kombinert med ambisiøse produsentar kan … Les meir Mád Tokaji Furmint 2015