Tour de France 2019 – 20. etappe – Kult!

I 1995 var eg 16 år, og hadde byrja å høyre på musikk som var litt meir utfordrande enn det som gjekk på P1. Eigne CD-ar vart handla når det kom kontantar i lommeboka. Björk var ein artist som vart mykje spelt på anlegget, og hadde klyppekort i CD-vekslaren. Dette året kom albumet Post ut, etter at ho hadde teke verda med storm allereie med … Les meir Tour de France 2019 – 20. etappe – Kult!

Tour de France 2019 – 17. etappe – Ved Pavens slott

200 kilometers “oppvarming” før nye fjell. Som i går blir spektakulære Pont du Gard bakteppet når Tour de France-pelotonen bevegar seg inn i Rhone-dalen før det blir meir bakkete etterkvart som dei nærmar seg Alpane – undervegs passerer syklistane Orange og Vaison-la-Romaine før målgang i Gap (der Thor Hushovd vart etappevinnar i 2011), men først sneier dei legendariske Chateauneuf-du-Pape.

Les meir “Tour de France 2019 – 17. etappe – Ved Pavens slott”

Tour de France 2019 – 15. etappe – Limoux-metoden

Om avslutninga på etappen i går var brutal, så kjem marerittet no. Syklistane skal både opp og ned Pyreneane – mest opp – totalt er det nesten 5000 høgdemeter i dag, dei brattaste stigningane toucher 13 gradar. Nattverden skal ingen stadar sidan vi har oppdaga at startområdet har 4 AOP-ar der 3 av dei er musserande.

Les meir “Tour de France 2019 – 15. etappe – Limoux-metoden”

Tour de France 2019 – 13. etappe – stor og liten Manseng

Individuelle tempoetappar har ikkje den heilt store publikumsappellen lenger, noko Tour de France tar konsekvensen av og legg inn kun ein kort, men likevel bakkete etappe på 27 kilometer som burde passa heimefavoritten Romain Bardet godt. Etappen startar og sluttar i Pau – byen der Kong Karl Johan vart fødd. Nattverden heng med i to kilometer før vi hoppar av.

Les meir “Tour de France 2019 – 13. etappe – stor og liten Manseng”

Tour de France 2019 – Prolog

Tenk å sykle gjennom eit land av mjølk og honning! Eller gåselever og Champagne, gewurztraminer og rilettes, croissant og Cahors, Rivesaltes og søte kaker, som Frankrike er. Frankrike er landet vi drøymer om, som den vesle tigeren og den vesle bjørnen til Janosch om lag sa det. Visst har vi ein trestjerners restaurant i Oslo, men på bygda er menyen bestemt av Rema. Og herr … Les meir Tour de France 2019 – Prolog

Tour de France 2017–19. etappe–Leoube is in the air

P1050255

Trass vakre landskap med bølgjande lavendel har Provence hatt sin del dramatikk under Touren – dødsfall (Tom Simpson i 1967), kollaps (samanlagtvinnar i 1970 Eddy Merckx besvimte og måtte ha oksygen etter etappen), medan fjorårsruta opp berykta Mont Ventoux måtte kortast inn grunna sterk vind på toppen, og er også hugsa for Chris Froome sin kollisjon med ein motorsykkel, der Froome jogga oppover bakkane nokre hundre meter til han fekk tak i ny sykkel.

Les meir “Tour de France 2017–19. etappe–Leoube is in the air”