Svolt kan vere fleire ting. Og dei som er svoltne har ein sterkare drivkraft enn dei velfødde. Vinverda er full av familiebruk der ein eller fleire av den oppveksande generasjonen ein dag skal ta over frå foreldra. Ungdomen kan ha litt ulik motivasjon for å ta opp taumane. Og det set av og til sitt preg på vinen.
Lysta til å ta over heng nok mykje saman med den økonomiske situasjonen. Vindistrikt med auka popularitet og stigande vinmarksprisar har små problem med rekrutteringa frå eigne rekkjer. Men det finst òg område der innflyttarar frå andre deler av landet eller med andre tungemål er mest ivrige. Ikkje minst ser ein det i mindre eigedomar, der familien i stor grad gjer arbeidet i vinmarka sjølv. Vest-Europeisk ungdom er ikkje like interessert i kroppsarbeid som før. Ved å ta over nabobruket kan ein tilsetje ein person i full stilling til å gjere grovarbeidet. Og dei som arbeider ute i jorda og inne i kjellaren er i aukande grad folk frå Aust-Europa.

Unge vinmakarar som tek utdanning er mykje ute og reiser. Impulsar frå kollegaer og smaken på andre druer og andre vinstilar kan vere det som skaper gløden til å ta over den nedslitte garden til mamma og pappa. Kanskje finn dei ei ny retning, kanskje oppdagar dei løysinga på eit problem, eller får idéen til eit eige prosjekt. Dei svoltnaste ungdomane er nok dei som ikkje kjem frå ein vinfamilie, men må starte på bar bakke. Utan kunnskapsoverføring, utstyr eller røynsle med ein region, drue eller vinmark er det mange ting som må lærast og feil som må røynast.
Nokre vindistrikt har ei grunnrente. Ikkje berre nede i grunnen (terroiret), men i ein verdistigning og verdsetjing av staden som druene veks på. Det er ein tryggleik i å eige nokre hektar i Burgund. I Champagne kan vinbøndene selje druene sine for 7-8 euro for ein kg! Det blir mange euro på berre ein halv hektar. Men som vi veit er det ikkje like grønt på feil side av grensa. Det er ikkje mykje grunnrente i Languedoc.
Jeanne Piollot har med seg ei slags grunnrente, trass i at ho held til utanfor grensa. Foreldra driv kvart sitt suksessfulle Champagne-merke, og røynsle og kunnskapsoverføring frå desse kjem godt med. Men ho hadde ein svolt etter å skape noko eige, ikkje berre dilte etter foreldra. Jeanne starta opp rett etter vinskulen i 2017 med 2,3 ha vinmark i landsbyen Molesme i Côte d’Or. Nei, eg hadde heller aldri høyrd om denne kommunen før. Han ligg altså eit steinkast frå AOC Champagne og Les Richeys i Aube. Litt lenger nord i Polisot held mamma og pappa til, med høvesvis Champagne Marie-Courtin og Champagne Piollot Pere et Fils.
No kan ein jo innvende at det er då ikkje den verste adressa Jeanne har vald seg. Men musserande vin i Côte d’Or er Cremant de Bourgogne, og her er det lite å strekke seg etter. På Vinmonopolet er det 75 ulike Cremant de Bourgogne i heilflaske, og prisen er mellom 140 og 304 kr. Over grensa i Champagne finn vi her i landet 848 varelinjer på heilflaske, og prisen varierer frå 229 til 5990 kr. Om vi avgrensar oss til berre Champagne frå Côtes de Bar, er prisvindauget 339 til 1499 kr. Kanskje er det difor boblene til Jeanne er Vin de France. Uansett er det lekre bobler. Vinmarksarbeidet er økologisk frå dag ein. I tillegg til bobler vert chardonnay, pinot noir og gamay òg til kvit og raud Coteaux Bourguignons.
Dame Jeanne Prémices 2018
Løkskal-farga vin med fine bobler. Oi, her var det mykje på gang! Fruktig lukt med epleskrell og bringebær. Med litt tid i glaset kjem det fram kalk og kapteinkjeks. I munnen er dette ein tørr og fruktig boblevin med smak av bringebær, nedfallseple og gjær. I ettersmaken er det sitron, appelsin, gjærdeig og kalk. Meir frukt enn autolyse. Morosam vin! Her er både tongue-in-cheek, sérieux og joie de vivre, som det heiter på nynorsk. Vinen kostar 350 kr, og det er han verd.
Økologisk drift i vinmarka. 100% pinot noir som er spontangjæra på ståltank. Ingen klaring eller filtrering og lite svovel-tilsetjing. Andregangs gjæring på flaske og to år på botnfallet. Brut nature. Tomflaska vog 850g, som er litt høgre enn «lettvektsflaska» i Champagne som er på 835g. Standard vekt på Champagne-flaske er 900g.
Ein tanke på “Svoltne kvinner”