All That Jas

Om eg berre skulle følgd éin vinrelatert Instagramkonto, så ville det noko vore Jasmine Swan. Frå ho forlét Dill i Reykjavik for å laga vin i Mosel og etter kvart Rheinhessen, har ho delt ikkje berre oppturar, men også katastrofar. Her har vi fått vore med på råtne vinkjellarar til leige, nedlatande vingubbar, gnagarar litt for tett på kjellarleiligheten, reine løgner: «I’ll never make petnat again», og lettelse: » at least this year the tank didnt fall over…» Ho har laga små, informative snuttar om alt frå filtrering til brett til kva-kostar-ei-flaske-vin-å-produsere, samt eit sideprosjekt med Katla kondomer(!).

Å følgje henne har trigga både heia-respons og frustrasjonar, og enno har eg knapt smakt vinane hennar. I november 2023 kom endeleg litt av Katla-mini-produksjonen på Vinmonopolet, og eg hadde vekkarklokke på…    

Katla Kiki 2022

Deutscher Wein, Tyskland. 50 % Merlot, 25 % Pinot Blanc, 25 % Riesling. Ein slags perlande lys raud eller mørk rosé, med koko druemiks…

Funky sur-søt snute, med modne jordbær, raudt epleskrell og noko søtleg marsipanaktig bakom.

Vektlaus munnkjensle med lett bobleprikking før lagvise jordbær og eit lett bittert grapefruktstikk tar over i midtpartiet. Fyldig avslutning med oliven og ein syrleg rips-snert.

Etter ein periode der importørar har lagt vekt på «snill» naturvin, var det gøy å drikka «old-school» funk igjen. Strålande sjanger-vin som sto fjellstøtt til nyspretta fenalår, men til nesten femhundre er det nok for svært spesielt interesserte.

Katla Móa 2022

Tyskland. 100 % Merlot. Druer frå Andi Mann sin gard i Eckelsheim. Tre veker skalkontakt, modning på eikefat frå Ardeche.  

Kraftig kirsebærduft, parfymert med blomstereng, jordbær og mandel. Ørlite sursøt pickles langt bakom. Behagelege duftar.

Mjuk munnkjensle. Saftig kirsebær og morell, med litt blåbær og mokka i bakgrunnen. Lang avslutning med fyldig blåplomme og syrleg kirsebærsnert.

Der Kiki var skitten og kompromisslaus, er vi no over i smooth eleganse. Skummelt lettdrikkeleg, og den mest sjarmerande Merloten eg nokon gong har drukke. Veldig godt til fenalår, enno betre til eit stykke hjort.

Katla Fira 2022

Austerrike. 100 % St. Laurent. 8 dagars karbonisk maserasjon. Kompis-vin saman med Andi Ziniel som også bidrog med druer.   

Intens jordbær med blåbær og kløvereng hakk i hæl. Modent preg, duftar eldre enn 2022.

Vektlaus munnkjensle. Slankt, syrleg og saftig passetoutgrains-aktig midtparti med kirsebær bringebær og rips. Litt yoghurt naturell bakom. Syrleg kirsebæravslutning med anstendig lengde, litt bitter tyttebær og ei kvass rips-syre.

God vin, men som for meg likevel havnar litt på halvdistanse mellom leiken og formell. Fungerte bra til eit stykke kyllinglår, men vart litt kjedeleg undervegs – ekstra ergerlig luksusproblem sidan vinen kjem i literflaske – medan 11 % i ein såpass frisk vin sjølvsagt er eit plussmoment. Akk, tilværelsens uutholdelige letthet… 

Ásgeir Trausti – Dýrð í dauðaþögn

2012-debutalbumet til Ásgeir Trausti Einarsson, litt Kings of Convenience, meir Bon Iver enn Bon Iver, meir Jeff Buckley enn Jeff Buc… ok, poenget er vel på plass.

Innspelt i løpet av tre månader med tekstar frå pappa Einar, og det mestseljande albumet på Island.

Sentimental, vakker og intens folktronica med ein poetisk lengt som fortener meir enn ein dobbeltime gamalnorsk på vidaregåande…      

Leave a Reply