Ting går ikkje alltid som tenkt. I den kalde 2009-vinteren stoppa fermenteringa i det som skulle bli årgangens Xinomavro-rosé, og den halvgjæra vinen vart etterlatt på botnfallet i seks år. I 2015 tilsette Thymiopoulos litt nyplukka Malagousia for å restarta fermenteringa og helte miksen i eikefat. Etter fem nye år vart resultatet flaska i 2020, og i 2024 lagt ut for sal som ein slags oransje kvitvin.

Thymiopoulos Blanc de Rose Cuvée R 2009
Makedonia, Hellas. 85 % Xynomavro, 15 % Malagousia. Handplukka druer, lavintervensjon og sånn…

Mørk gyldenoransje farge. Småskittent pickles-preg blanda med appelsin. Karamell i bakgrunnen. Vinn på litt lufting: klementinskal, bivoks, kamferkiste, honning, muskat, og fersken på boks. Etter kvart behagelege duftar.
Kremete og saftig munnkjensle. Klokkereint midtparti med søtleg appelsin og gule plommer saman med rista valnøtter, eksotisk treverk og eit salt preg. Endelaus avslutning med havbris, syrleg sitrus og søtleg karamell i fin balanse.

Kompleks og leskande, forvirrande og sjarmerande – på snuten er vinen i stadig vandring mellom komplekse duftar, på tunga elegant, konsentrert og tydeleg. Veldig godt både åleine og saman med sitronrisotto og ein pølsesnabb. Gøyast smaking så langt i 2025 – ikkje verst for ein mislukka rosévin…
Anna Lapwood – Luna

Vedunderbornet Anna Lapwood spelte elleve instrument – inkludert harpe – då ho var 11, men spesialiserte seg som organist frå ho var 16, og er no blitt eit internettfenomen langt utanfor klassisk musikk-kyrkjelyden som SoMe-hyperaktiv organist i Royal Albert Hall.
Det er ikkje til å koma i frå at orgel-plater er ein obskur sub-sjanger, ofte bortvist til selskap som ECM og liknande. På Luna har Sony Classical fleska til med stort budsjett og – i alle fall ved første gjennomlytting – eit litt forvirrande konsept å finna samanheng i. Musikken er ei blanding av film, klassisk, og samtid, mykje – men ikkje alt – har tilknyting til måne og astronomi, mykje – men ikkje alt – er kvinnelege komponistar, noko som ikkje er overraskande frå ein musikar som starta på internett som lett sarkastiske #playlikeagirl.
Uansett – komposisjonane lét veldig bra anten det er meditativt frå Max Richter, intenst frå Philip Glass og armenske Kristina Arakelyan eller cineastisk frå Hans Zimmer. Legg til Ave Maria (Bach), Clair de Lune (Debussy) og Nocturne (Chopin), og du har ei sjangersprikande plate som både er fin og akkurat passe utfordrande.
Orgelet i Royal Hospital School, London lagar ei tett og intim stemning, gjestane frå Pembroke College Chapel Choir som ho dirigerar – for ho er også dirigent, sjølvsagt er ho det – skapar fin variasjon, opptaket er sylskarpt og detaljert, og LP-pressinga har veldig høg kvalitet.
Kjelder:
https://www.thymiopoulosvineyards.gr/
https://www.allmusic.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og Viner
https://annalapwood.co.uk/