de Bois are back in town

Frå ein av dei eldste vingardane i Anjou – med klosteraner attende til 1219 – kjem den biodynamiske duoen Géraldine and Xavier Cailleau med ei ikkje akkurat daglegdags drue. Pineau d’Aunis var visstnok ein favoritt hjå Henrik III av England, og med sin lyse farge den opphavlege Claret-en før Bordeaux tok hevd på namnet. Synonymet Chenin Noir har med drue-CSI synt seg å vera eit blindspor, ditto det påståtte slekskapet til Pinot Noir. Ei jordsmonnkresen og vanskeleg drue  som vart i hovudsak skifta ut med Cabernet Franc etter phylloxera, men som framleis har asyl eit par stader i Loire.

Bois-Brincon Garance 2020 (Vinmonopolet)

Anjou, Loire, Frankrike. 100 % Pineau d’Aunis. 90 år gamle stokkar, handplukka druer, 8 dagars skalkontakt og 10 månader i ståltankar. Biodynamisk sertifisert.

Lett støvete snute. Kvit pepar, fiol og friske bringebær, våt skogsbotn, krydderskuff og urter. Frisk og jordleg på ein gong – reine duftar.

Friskt anslag. Midtparti med morell, svart pepar og sval fruktsødme. Lang avslutning med mykje syre og eit bittert urtestikk som tar litt mykje merksemd, men som luftar av seg og gjev plass til det hermetiserte kirsebæret som det berre var eitt av i fruktcocktail-boksane.

Artig vin som kan minna om ein Gamay med litt tung ræv. Reine duftar, litt meir kaos i smakane og kunne godt vore litt meir konsentrert. Likevel nok trøkk til å fungera til eit stykke hjort med linser og traktkantarell, og leskande nok til å drikkast utan mat. Tanniner så vidt merkbare i bakgrunnen. Gøy med “ny” drue til ein tohundreogfemti-lapp. 

Labi Siffre – Remember My Song

Vin-ikonisk LP-cover i 1975, men ville nok fått skjenn av glas-mafiaen på diverse fora i dag. Ei plate som har blitt mytologisk via Eminem, Jay-Z og Wu Tang Clan, samt dusinvis med ‘reaction videos’ på Youtube, men som likevel er litt forvirrande snart 50 år etter.

Aktivist, poet og artist Labi Siffre har levd eit liv i kamp mot homofobi og rasisme, men har likevel klart å finna kraft til å laga vesentleg musikk. Remember my Song er underleg todelt – her kjem funky orkesterarrangement (der Eminem fann namnet sitt…) hulter til bulter med softe ballader. Kontrasten er så stor at det kan verke som det er ei blanding av to produksjonar, men kvar for seg fungerer det for så vidt…

Funk vs folk er ikkje kvardagskost, men få i det minste med deg funky I Got The og The Vulture, pluss den dvelande balladen Down – der emosjonane styrer tempoet – før du finn skjulte melodiske meisterverk på resten av plata…

Kjelder:
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
https://www.chateau-bois-brincon.com/
Diverse Wikipedia

Leave a Reply