Frankrike sin austlegaste vinregion er også den mest italienske, og drue-csi tydar på at hovuddrua på Korsika, Nielluccio, er mykje identisk med Sangiovese. Om enn det meste av kunnskapen min om øya kjem frå Asterix, så veit vi i alle fall at – sjølv om grekarane introduserte vindyrkinga – så hadde Genova kontroll over Korsika i 500 år før øya vart seld til Frankrike i 1768 for å betala ned gjeld. Separatistrørsla var og er sterk, men det er i det minste blitt meisla ut ni AOC-område, der Patrimonio er den eldste. Sidan rundt 1900 har Leccia-familien fokusert mest på vin, og i dag er det sjette generasjon, representert ved Annette, som driv bruket.
Domaine Leccia Patrimonio Blanc 2020
Patrimonio, Korsika, Frankrike. 100 % Vermentino frå 27 år gamle stokkar. Spontanfermentering, 6 månader på botnfallet i ståltankar. Økologisk sertifisert.
Heftig aromatisk frå nyopna flaske. Grilla sitron, nysprengd tomt, aprikos og sumarleg blomstereng. Smoky flintstein blir verande som ein pedaltone bakom. Intense, men behagelege duftar.
Smålubben munnkjensle. Hauger av sitri i eit konsentrert midtparti: fyldig sitron, søtleg appelsin, bitter grapefrukt… Etter kvart kjem honning, tørka fruktmiks og nektarin. Kraftpakke! Lang avslutning med sylta sitron og havsalt.
Reine, konsentrerte smakar i ein litt annleis vin som eg likte veldig godt. Fungerte veldig godt med grilla torsk og Skåtøypoteter, men til 460 kroner er det nok mest for spesielt interesserte.
Ayanna Witter-Johnson – Road Runner
Det er liksom ikkje så mange som driv med cello-r&b. Der Marika Hughes er nærare bluesen, så plasserer komponist, cellist og vokalist Ayanna Wither-Johnson seg i eit heat som nok er nærare Prince i estetikk, og Sunny Yang og Truls Mørk i teknikk.
Etter klassisk utdanning og eit knippe EP-ar kom omsider første Longplayer i 2019, noko som Peter Gabriel fekk ferten av og henta henne inn til i/o-turneen, der ho også vart duettpartnar på Don’t Give Up.
Når går eit album frå å vera variert til å bli sprikande? Road Runner syner at ein kan tillata seg mykje – her er det smooth pop, tung politisk hiphop-crossover, gospel, og Police-Roxanne-cover der ho kompar seg sjølv med berre celloen, samt eit lite knippe R&B-balladar.
Ho vil mykje på ein gong – desto gøyare å høyre korleis ho meistrar spennet med høg sjølvtillit og flott røyst. Veldig bra plate!
Kjelder:
Diverse Wikipedia
http://www.domaine-leccia.com/
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Asterix på Korsika
https://www.ayannamusic.com/