Det er viktig å vera open for nye impulsar og utfordra eigne fordommar. Det er også viktig å vite når ein skal halde kjeft… Etter å ha vore litt breial på Nattverden sitt intranett, havna ei flaske frå Franz Wilhelm Langguth Erben opp i potane mine med krav om ein artikkel.
Blue Nun er nok blitt eit av desse merkene som scorer ekstremt høgt på både merkegjenkjenning og forakt, kanskje i same kategori som Matteus var for foreldra mine. Merket har etter kvart gått frå ein kvit enkeltvin, til å rebranda seg sjølv som både rosé og musserande. I ei vidareføring av merkegjenkjenninga er det gjerne etikettar eller glorete innpakning som gjeld, men for vidarekomne er det opent for å manipulera innhaldet. I vårt tilfelle er vinen tilsett 24 karat gull. Kva kan gå galt, liksom?
Blue Nun Sparkling 24K Gold Edition
Deutscher Wein (ikkje-spesifisert dyrkingsområde), Tyskland. 50 % airén, 50 % trebbiano, “aromatisert” med 24 karats gullpartiklar. Eit halvt år på fat. Charmat-metode.
Eruptiv opning, fyrrige bobler. Fiffig innhald der skjenking virvlar opp gullpartiklar og simulerer ei snøkule. Kvass sitron som blir hurtig avløyst av aprikos og jordbærsyltetøy parfymert med sumarleg blomstereng. Behagelege duftar – men eindimensjonalt.
Søtleg pære, aprikos, honningmelon, søte sitrondrops og raud smågodtfisk. Kort og brusaktig søt avslutning – på grensa til emmen.
Ikkje direkte dårleg, men kjedeleg. Det som er av rein frukt er dessverre svøpt i sukkerspinn og vinen framstår for meg meir som dessertfølgje. Greitt nok til tunfisk. Drikk veldig avkjølt. Eller ikkje i det heile…
Modern Talking – Let’s Talk About Love
Den tyske europop-duoen Modern Talking nådde høgdepunktet i karriera med Cheri Cheri Lady frå andreplata i 1985. Singelen fekk førsteplass i Tyskland, Sveits, Austerrike og Noreg. Cheri Cheri Lady var einaste singel frå plata – dessverre med god grunn…
Enkle melodiar, mykje Bee Gees-falsett, og utdatert lydbilete. Kjøp heller singelen. Eller ikkje i det heile…