Eva Fricke Riesling 2017

Ryktet om eit nytt stjerneskot i Rheingau har sirkulert ei stund, og det er verkeleg på tide å sjekka kva ho har å fara med.

I motsetnad til mange andre i bransjen har ikkje Eva Fricke familiebakgrunn i vinverda. Likevel tok ho ønolog-utdanning og reiste som vin-nomade i Frankrike, Italia, Spania og Australia, før ho endte opp hjå  J. B. Becker. Parallelt byrja ho å utforska eigne ambisjonar med lånt og leigd utstyr og råstoff. I dag har Eva Fricke eigne økologiske markar i Lorch som er i ferd med å bli sertifisert biodynamiske.

Eva Fricke Riesling 2017

Frisk duft med sitron, pære og Granny Smith saman med flintstein frå nyopna flaske. Får meir varierte sitrusnotar med karaffeltid – glir over i lime og klementin, pluss litt blomstereng og høy.

Fyldig anslag. Midtparti med sitrondrops og honning (utan å kjennast søt ut), nesten sjampanjeaktig kalk. Lime og grøne eple i ei lang avslutning. Frisk og leskande med lagvise sitrustonar og ørlite honningsødme når vinen runder av.

Skummelt lettdrikkeleg riesling som har meir trøkk i munn enn på snute – meir kompleks enn alder og pris skulle tilsei. Dersom dette er den enklaste vinen hennar, så får eg lyst å prøva resten av rekkja. Fungerte tipp-topp til laks med ingefær og peanøtter.

The Magnetic Fields – Get Lost

At Stephin Merritt ikkje likar kallenamnet ‘den mest depressive mannen i showbiz’ er greitt, men han gjer ikkje mykje for å dempa inntrykket når den einaste blurben om plata på Merge Records si side er «Thirteen songs from the worst year of Stephin’s life».

Get Lost er siste utgjeving før legendariske 69 Love Songs og det er nok av frampeik i låtskrivinga – her er vakre melodiar med gjennomført pop-teft. Tekstar om svik, nederlag og med utilstrekkeleg emosjonell kapital  møter stupid pågangsmot og klokkartru på at sjølv mislukka kjærleik er betre enn ingen kjærleik. Om håpet er flåten han karrar seg opp på i første vers, så kjem det som oftast ei foss i tredje..

Ukulele-minimalisme og lengsel i With Whom to Dance? er uironisk nydeleg, All the Umbrellas in London kombinerar ein slags Phil Spector-wall-of-sound med verdas tristaste eg-person i ein veldig catchy heilskap.

Analog synth og cello møter Joy Division og Human League med eit lite touch av Roxy Music i ei eksentrisk men samstundes veldig tilgjengeleg samling songar.

Kjelder:
www.evafricke.com
www.mergerecords.com

  

2 tankar på “Eva Fricke Riesling 2017

Leave a Reply