Fendant i Valais, Chasselas i resten av det sveitsiske eidssambandet og i Frankrike, Gutedel i Bundesrepubliken. Viktig drue i Sveits – knapt ein ettertanke i resten av verda. Dette prøver tømrer Hanspeter Ziereisen å gjera noko med på vingarden han starta i Efringen-Kirchen saman med kona Edeltraud i 1991 – nærare både Basel og Strasbourg enn Stuttgart. Mantraet er druekvalitet og minimal innblanding etter hausting.
Ziereisen Steinkrugle Gutedel 2020
Baden, Tyskland. 100 % Gutedel. Handplukka druer, spontanfermentert. 2 års mogning på botnfallet i store fat. Ufiltrert, uklarna, økologiske prinsipp.
Godt kamuflert skrukork. Våt stein og nysløkt fyrstikk frå første sniff får med tid selskap av modne eple og insisterande sitrongras, saman med kløvereng, jura-aktige nøtter, kjørvel og yoghurt naturell. Reine duftar, om enn ein smule kaotisk.
Mjuk, nesten oljete munnkjensle. Gule plommer, grilla sitron og saftig pære. Saltsyrleg avslutning med heftig lengde.
Blindt kunne ein fort gissa både Aligoté og Alvarinho frå ein vin som trengte litt tid og luft for å visa seg fram. Veldig godt til smelta ost og kaotisk moro til firehundre kroner.
Kåre Kolve Fusion Quintet – Cool Walkin’
Moderne nostalgi med heftig kvintett! Her svevar David Sanborn over vatnet med Yellowjackets og Spyro Gyra i kjølvatnet, samt diskré nikk til Bill Withers, George Michael og Hot Rats-Zappa. Kåre Kolve er den allsidige jazzmusikaren som har jobba med alt frå Terje Tysland og DDE til Stage Dolls og Mezzoforte, med rundt hundre plater som studiomusikar i tillegg til eigne prosjekt.
Tett samspel mellom prog-energiske Torstein Lofthus og Jonny Sjo legg eit herleg fundament for resten av bandet, lydkvaliteten er veldig bra, samstundes som musikken har ei live-i-studio-kjensle der bass og trommer responderer på solistane og omvendt. Fin balanse mellom melodiar og improviserte soloparti.
10 låtar – alle originalar frå Kolve – inkludert obligatorisk latinjazzrockfusionparti på Downhill og ei einsleg ballade til slutt. Gøy plate!
Kjelder:
https://weingut-ziereisen.de/
Oz Clarke / Margaret Rand – Druer og viner
Diverse Wikipedia