Grape Britain

Pinot Meunier er ein sjølvsagt del av sjampanje-treeininga, men samstundes er drua den mystiske onkelen som vert påfallande lite snakka om i resten av familien, sjølv om det blir dyrka omtrent like mykje Meunier som Chardonnay i regionen. I kjølege Champagne er drua velsigna med å blomstra seint og mogna tidleg, noko som aukar oddsen for feilfritt sluttprodukt. På andre sida av sundet har britiske Simpsons ein eigen parsell med Meunier i hagen, og har funne det opportunt å laga ein stille kvitvin av druene.      

Simpsons Derringstone Pinot Meunier 2022

Kent, Storbritannia. 100 % Pinot Meunier, handplukka og pressa i heile klasar. Modning på botnfallet eit halvt års tid før flasking.    

Glaspropp for kork, rustgylden farge. Floral start med epleblomst, før aprikos og kruttrøyk rullar inn saman med litt lime. Modne gule eple ligg som ein pedaltone bakom. Behagelege og reine duftar.

Mjuk munnkjensle skapar falske forventningar før limesyra slår hardt til. Slankt midtparti med epleslangepler, pære og kvass sitrus før litt munntørrande kalk sender vinen i ei lang avslutning med lime, salt hav og smørkaramell.

Emaljeskrell! Om du er mellom dei som syns at 2013-rieslingen vart for rund, så er dette vinen for deg. Bak det knusktørre er vinen likevel nyansert og interessant, og fungerte veldig godt med spagetti vongole. Gøy og annleis vin til trehundreogtjue kroner.   

Fleire vinar frå Simpsons HER

Meat Loaf – Bat Out of Hell / Bonnie Tyler – Faster Than the Speed of Night

Kvar tidsalder ser ut til å ha si distinkte produsentstil i populærmusikken – Trevor Horn på 80-talet, Rick Rubin på 90-talet, norske Stargate, amerikanske Blake Mills… – men var du ute etter ein slags Wagnersk Bruce-Springsteen-pop-musikal-goth-rock-opera-vibe så var nok Jim Steinman mannen du trengte sånn i overgangen frå 70- til 80-talet.

Med tanke på at Bat Out of Hell er mellom dei mest selde albuma i historia, så var starten eit strev. Materialet starta som ein futuristisk Peter Pan-musikal som Steinman hadde jobba med i mange år, før han tok dei beste låtane og vokalist Meat Loaf med seg vidare. Problemet? Ingen plateselskap ville ha dei. Sjølv om det er ei artig historie i etterkant, så brukte dei to år på å finna nokon som ville gje ut skiva som etter kvart selde 40 millionar.

Etter ein hit med It’s a Heartache i 1978 hadde Bonnie Tyler strevd litt med listene – det skulle verkeleg endra seg med Faster Than the Speed of Night i 1983. Produksjonen til Steinman er mindre musikal, meir enkeltlåt – og rare musikkvideoar. Fellestrekk er at pianoet framleis har pompøs plass i lydbiletet – men no i tydelegare konkurranse med gitarane.

Cover-spennet er på grensa til bisart – her er Creedence representert med Have You Ever Seen the Rain?, Bryan Adams med Straight from the Heart, og Blue Oyster Cult(!) med Goin’ Through the Motions. Om Paul Schaffer, Will Lee og resten av David Letterman-bandet tar seg av It’s a Jungle out There, sjølv om ein del framstår som kopi av Bruce Springsteen, sjølv om Bonnie er hesare enn Frankie Miller-duett på Tears, så er det uansett Total Eclipse of the Heart som står igjen som meisterverket, både i seg sjølv og som parodi:




Kjelder:
https://simpsonswine.com/
Diverse Wikipedia
Oz Clarke/Margaret Rand – Druer og viner
Meat Loaf – To Hell and Back: An Autobiography

Ein tanke på “Grape Britain

Leave a Reply