Dei er der som båtar på eit hav, desse vinane frå antipodane i Australia, og eg tenkte Bloody Hill kunne vera ei bra vinmark til ein Halloween-artikkel. Eg hadde allereie byrja å førestilla meg toppen som ein gamal rettarstad, Mayer møter Myers med druer gjødsla i blod. Men, nei: Bloody Hill har fått namnet sitt fordi høgda er så bratt og slitsam å gå i, og eg får heller gjera det beste utav materialet…
Mayer Bloody Hill Pinot Noir 2022
Yarra Valley, Samveldet Australia. 100 % Pinot Noir, og ein av dei få vinane der dei ikkje presser druene i heile klasar. Fermentering i tre veker med skal i opne kar, og modning på 300 og 500 liters franske fat. Økologiske prinsipp.
Sursøte kirsebær og modne morellar med våt skog attåt. Anisfrø og sumarleg blomstereng bakom. Ørlite funk, men ikkje meir enn at det berre er sjarmerande.
Vektlaus munnkjensle. Friske bringebær og kirsebær møter tranebær og småbitter lakris i eit lett og reint midtparti. Anstendig lengde i avslutninga med modne jordbær.
Uformell og skummelt lettdrikkeleg Yarra-pinot med nok tannin-ryggrad til å fungere til eit stykke kyllinglår. 340,- er kanskje litt i overkant for ein entry level-vin, men eg må medgje at eg vert nyfiken på resten av produksjonen til Mayer-klanen. Bra vin.
Ulver – Scary Muzac
Eg har ein enorm respekt for Ulver, men samstundes har eg strevd med det eg oppfattar som eit litt sjølvhøgtidleg image, og har mest vore ein tilfeldig lyttar. Desto kjekkare at dei ville leika litt i 2021, og ga ut ei plate med skrekkfilm-musikk – både imaginært og konkret…
Rett etter å ha lydsett Halloween live på Frogner Kino stengte Noreg ned med Covid, og bandet brukte dei neste fire månadane til å pusla saman fem Carpenter-covers og sju eigenkomponerte – alle inspirert av skrekkfilmestetikken.
Tung droning, åttitals-tidstypiske lydar, slasher-intervall og meir stemning enn direkte låtar. Høgdepunkt: Ecm Panorama, der Stian Westerhus får være Stian Westerhus, og avslutningslåta Rip Brouhaha som lét som ein moderne variant av rulleteksten frå DOOM. Gøy!
Bonusgøy: Alle låtnamna er anagram av Halloween-referansar.
https://ulver.bandcamp.com/album/scary-muzak
https://www.timomayer.com.au/